Etikk 

Helse Vest er avhengig av tillit og eit positivt omdømme for å kunne yte den gode helsetenesta vi ønskjer å tilby. Etisk kvalitet på tenesteyting og forvalting er ein føresetnad for denne tilliten.

Derfor er det nedfelt generelle retningslinjer innan dei ulike fagområda for at alle medarbeidarar skal vere medvitne dette. Retningslinjene er i hovudsak generelle, ikkje detaljerte reglar, noko som utfordrar kvar medarbeidar til sjølv å reflektere over etiske spørsmål.

Retningslinjer, regelverk og samarbeidsavtalar har sitt utspring i allmenne etiske verdiar og normer som for eksempel rettferd, lojalitet, ærlegdom og at ein alltid skal behandle andre slik ein ønskjer å bli behandla sjølv.

Helsetenesta har ansvar for å vareta grunnleggjande etikk og moral i velferdsstaten, i tillegg til å forvalte fellesskapets ressursar.

Alle medarbeidarar skal følgje gjeldande lovar, reglar og retningslinjer. Alle har plikt til å gjere seg kjende med og å følgje lovar, reglar og retningslinjer som regulerer arbeidskvardagen.

Lovar, instruksar og reglar kan ikkje åleine sikre høg etisk standard. Medarbeidarane må sjølve setje standarden ved å reflektere over eigne val og handlingar. Dette betyr at kvar enkelt medarbeidar kritisk må vurdere eigne interesser i møte med etiske konfliktsituasjonar.

 Etiske retningslinjer og vedlegg



Sjå brosjyren i ISSU

Last ned brosjyren (pdf)

Vedlegga til retnings-
linjene finn du her på sida.
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox