For å få behandling på sjukehus og i resten av spesialisthelsetenesta må pasienten ha tilvising frå fastlegen/primærhelsetenesta. Ofte er det også krav til kva tilvisinga må innehalde. Kva tilvisingsrutinar som er gjeldande kan variere noko frå sjukehus til sjukehus.
Det regionale føretaket, dei lokale helseføretaka og primærhelsetenesta arbeider stadig for å forbetre og forenkle tilvisingsrutinane.