Årsresultatet for 2004 er klart
Helseføretaka i Helse Vest fekk for 2004 eit negativt resultat på 530 millionar kroner. Resultatet er i samsvar med det vedtekne budsjettet for 2004.
Årsrekneskapen blei vedtatt i styremøtet i Helse Vest i dag.
- 2004 var eit år med svært høg aktivitet i helseføretaka. Det er behandla fleire pasientar enn nokon gong, samtidig som ventetida gjekk ned. I tillegg oppnådde vi gode resultat innan område som innkjøp, IKT og forsking. Det er imponerande at helseføretaka har fått til så mykje sjølv om 2004 var eit år med svært stram økonomi, seier styreleiar Mai Vik i Helse Vest.
Ho understrekar at den økonomisk situasjonen for helseføretaka blir tøff også framover.
- For å nå kravet om budsjettbalanse er det viktig at helseføretaka held fram med sin gode økonomistyring for å nå budsjettmåla sine, framheld ho.
I dag blir revidert nasjonalbudsjett behandla i Stortinget.
- Først når resultatet av dette blir kjent, får vi endeleg oversikt over dei totale økonomiske rammene for 2005, seier Mai Vik.
Publisert
17.06.2005 13:05 |
Endret