Link til hovedinnhold
Link til hovedmeny
English
Aktuelt
Pasient
Fag
Jobb
Media
Om oss
Helse Vest RHF
/
Aktuelt
/
Nyheiter
Blogg i vest:
Portalen inn i det ukjende
Alle helsetilbod i landet og all tenkjeleg helseinformasjon – samla i ei nasjonal nettside: Vi har begynt bygginga av ditt ”Altinn for Helse-Noreg”.
Av Avdelingsdirektør Roar Olsen, helsenorge.no
Fire av fem nordmenn bruker internett for å leite etter helseopplysningar. Men kor mange av oss finn eigentleg fram? Ein jungel av nettstader byr på diagnostisering av eigen sjukdom, vegvisarar til sjukehustilbod, rettleiing i pasientrettar, private behandlingstilbod og bytte av fastlege. For å nemne noko.
Som individ klikkar vi oss inn i problematisk terreng. Med eit slikt vell av informasjonskjelder, kven skal vi stole på? Finn vi i det heile tatt fram til informasjonen vi søkjer i villnisset? Og om vi gjer det: Har vi googla oss til ein usolidarisk helsefordel ovanfor stakkarane som slurar i krabbefeltet på informasjonsmotorvegen?
Svara er ikkje opp til meg å gi. Men vi arbeider med løysinga. 1. juni i år blei nettstaden
www.helsenorge.no
lansert av helseministeren. Ambisjonen vår er å lage ein felles inngangsport til all helseinformasjon og alle helsetenester i landet – på internett. Eit Altinn for Helse- Noreg, rett og slett.
Vi veit at pasientar og pårørande opplever helsevesenet som fragmentert og særs usamanhengande. Helsenorge.no skal bøte på dette ved å lage ein felles inngang til både spesialisthelsetenesta (sjukehusa) og primærhelsetenesta (fastlegar og kommunale helsetilbod).
Helsenorge.no byr per i dag på informasjon om sjukdom og behandling, råd om kosthald og trening, pasientrettar og standard behandlingsforløp. Alt saman viktig, men langt frå revolusjonerande informasjon på internett. Men: Allereie no i desember lanserer vi to sjølvbetjeningsfunksjonar som er unike for helsenorge.no: Mine eigendelar - ”Mine egenandeler” og mine vaksinar - ”Mine vaksinar”. Du kan då logge deg på helsenorge.no slik du gjer for å registrere sjølvmeldinga på altinn.no, og få elektronisk oversikt over dine eigendelar og vaksinar.
Samtidig arebider vi på høggir for å få på plass sjølvbetjeningsfunksjonar som elektronisk timebestilling hos fastlege, konsultasjon med lege gjennom kryptert e-post, og på litt lengre sikt: Elektronisk innsyn i din eigen pasientjournal, dine prøvesvar, tilvisingar og epikriser. For deg som pasient betyr dette radikalt mye betre oversikt over eigen helse, eigne behandlingar og eigen medisinering enn tilfellet er i dag.
Legg til at helsenorge.no også arbeider med avanserte søkefunksjonar som kombinerer søk på sjukehus, kommunehelseteneste eller fastlege, sjukdom og kvalitetsindikatorar, og det står klart at satsinga inneber eit vegskille for både pasientar og helseteneste.
Høggir ja, men jobben er krevjande. Vi arbeider no med å setje oss mål for dei fem neste åra, men lovar spennande, nye funksjonar på helsenorge.no allereie i 2012.
Riktig god advent!
Roar Olsen er tidlegare leiar for Altinn, no nytilsett leiar for helsenorge.no
Publisert 28.11.2011 08:00 | Endret 28.11.2011 12:51
(Skjult) Publisert av eining
(Skjult) Handlar om
Meir om helsenorge.no
Nysgjerrig? Forvirra? Les deg til meir
helse på
www.helsenorge.no
Helsenorge.no tek gjerne i mot
tilbakemeldingar, idear og innspel til
utforming av framtidas helseportal på
eigen blogg:
www.helsenorgebeta.net
Blogg kvar måndag
Kvar måndag bloggar leiinga og andre
sentrale personar i Helse Vest om kva
moglegheiter og utfordringar
helseføretaka på Vestlandet står
ovanfor. Vi inviterer også gjeste-
bloggarar til å kome med sine innspel.
Siste blogginnlegg
Kabalen gjekk opp!
Tankar frå Reuma-Sol
For mange byråkratar i spesialisthelsetenesta?
Rettvis fordeling av inntekter – er det mogleg?
Paul Chaffey om innovasjon og Helse Vest
Ambisiøse helsemål
Gratulerer med 10 gode år!
Godt nytt samhandlingsår
Ein ny start for Nordfjord – og lokalsjukehuset
Portalen inn i det ukjende
Ta kunnskapen i bruk!
Ute å køyre
Stopp en hal! Kva er det som skjer?
Skreddarsaum i rekordfart
Fire veker som må endre sjukehuset
Pengane eller helsetilbodet!
Neste steg: Gi pasienten ein dato!
Grønt sjukehus – miljøstyring i sjukehusa
Informasjonen må følgje pasienten
Noko å lære av orkesteret?
Nærare for mange – sentralisert for dei få
Gode medarbeidarar gir gode helsetenester
År 2020 – her og no!
Facebook
Trykk "Like" og diskutér på Facebook
- eller del saka på Twitter:
Tweet
TIPS EN VENN
TILBAKEMELDING
SKRIV UT
DEL PÅ FACEBOOK
DEL PÅ DELICIOUS
Kontakt oss
|
Nettstadskart
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger |
helse@helse-vest.no
|
Webredaktør
|
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox
Din e-postadresse:
Mottakers e-postadresse
Avbryt
Din e-postadresse:
Din melding:
Avbryt
Det kan desverre ikke gis
tilbakemelding på denne artikkelen.