Dei nye avtalene vil gi eit klart betre tilbod til rusmiddelavhengige i regionen, seier administrerande direktør Herlof Nilssen i Helse Vest.
Nye og sakna tilbod som akutte tenester i krisesituasjonar, ambulante og oppfølgjande tenester og døgnplassar for stabilisering og utgreiing kjem på plass. Det polikliniske tilbodet blir betydeleg styrka, og alle institusjonane blir døgnbemanna med helsepersonell.
- Gjennom anskaffinga legg Helse Vest inn 24 nye millionar til tverrfagleg spesialisert behandling for rusavhengige i regionen. Dei nye avtalene gir eit meir fleksibelt tenestetilbod til pasientane og betre mogelegheiter for samhandling om gode pasientforløp med kommunar, fastlege og anna spesialisthelseteneste samanlikna med dei avtalene Helse Vest har i dag, forklarer Herlof Nilssen.
Han legg til at dei nye avtalene trer i kraft frå 1. januar 2011 og varer ut 2014.
Gjennom avtalene vil kvar institusjon få større breidde i tilbodet til rusavhengige og kan tilby pasientane heilt nye tenester.
Dei nye tenestene er:
- tenester til hjelp i akutte kriser på grunn av rusproblem (i Bergen og Stavanger)
- ambulante og oppfølgjande tenester
- kveldsopne poliklinikkar
- døgnplassar for stabilisering og utgreiing
- oppfølgingsprogram etter behandling
I tillegg blir det etablert heilt nye dagtilbod.
Helse Vest har valt å tildele avtale til følgjande private idéelle institusjonar:
Dei institusjonane som har rammeavtale med Helse Vest i dag, men som no ikkje får ny avtale, Askøy Blå Kors Klinikk og Sandnesklinikken (Blå Kors), vil kunne få ei overgangsordning på inntil fire månader. I denne perioden må institusjonane ferdigbehandle dei pasientane dei har og eventuelt overføre dei til ein annan institusjon med avtale. Pasientane vil få god tid til å førebu seg på eit slikt bytte, og dei vil få høve til å medverke i forhold til kor dei skal få vidare behandling.
Resultatet av anskaffingsprosessen er kunngjort i dag, og klagefristen går ut 19. november 2010.
Denne anskaffingsprosessen er gjennomført for å få på plass nye rammeavtaler innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling. I tillegg har Helse Vest avtaler knytt til ekstraplassar etter behov (såkalla etter-bruk-avtaler). I 2011 vil det bli vurdert om det er behov for å gjere ei ny anskaffing av ekstraplassar.
Kontaktpersonar:
Administrerande direktør Herlof Nilssen i Helse Vest, mob. 909 111 30
Konstituert kommunikasjonsdirektør Elisabeth Huse i Helse Vest, mob. 41 53 38 16
Publisert
05.11.2010 12:45 |
Endret
10.11.2010 12:41