Helse Vest sine prisar for eineståande forsking og fagleg nybrottsarbeid er sidan 2003 delt ut i samband med Helse Vest sin forskingskonferanse. I 2012 blir det delt ut to prisar:
- Pris til forskingsmiljø
- Innovasjonspris
Helse Vest og Det regionale samarbeidsorganet inviterer leiarar og tilsette ved helseføretak/sjukehus, universitet og høgskular i regionen til å komme med forslag til kandidatar til dei to prisane innan onsdag 5. september 2012. Prisane blir delte ut i forbindelse med Helse Vest sin forskingskonferanse som blir arrangert i på Sola ved Stavanger 18. og 19. oktober 2012.
Grunngivvne og kortfatta forslag (maksimalt 2 sider + CV) kan sendast til Det regionale samarbeidsorganet på e-post:
forskning@helse-vest.no.
Merk e-posten "Forskingsprisen/Innovasjonsprisen 2012".
Forslaga som kjem inn vil behandla konfidensielt av ein komité som vurderer ”Pris til forskingsmiljø” og ein annan som vurderer tildelinga av ”Innovasjonsprisen”. Begge komiteane er oppretta av Det regionale samarbeidsorganet. Dersom forslaga byggjer på spesifikke artiklar og omtaler, skal desse vere lagde ved eller på annan måte vere tilgjengelege for priskomiteane.
Meir om forskingsprisane som skal delast ut i 2012:
Pris til forskingsmiljø blir gitt for forsking det eit fagmiljø einskildvis eller i samhandling fremmar det faglege nivået i Helse Vest. Det kan for eksempel skje ved at det blir bygd opp forskingsmiljø og forskingsbaserte helsetenestetilbod av ein karakter og standard som gir Helse Vest lands- og fleirregionale funksjonar og kompetansesentra. Andre eksempel vil vere forsking og samarbeid i nettverk som fremmar forsking og kompetansebygging. Prisen til forskingsmiljøet består av 100 000 kroner og eit kunstverk. Prisbeløpet skal nyttast til vidare forsking.
Innovasjonsprisen blir tildelt ein eller fleire personar som gjennom sitt arbeid har bidrege til utvikling av ein ny eller forbetra vare, teneste, produksjonsprosess eller organisasjonsform som utgir eit konsept som kan brukast på nytt i helsesektoren. Prisen kan bli gitt både med utgangspunkt i forskingsdrive og behovsdrive innovasjon. Utviklinga skal vere gjort synleg gjennom at ide/innovasjonsprosjekt enten er innrapportert og/eller vidareutvikla saman med regionkontoret til Innovasjon Norge, InnoMed, Norges forskningsråd eller eitt av regionens to Technology Transfer Offices (TTO). Prisen som blir tildelt, består av 100 000 kroner og eit kunstverk. Prisbeløpet skal nyttast til vidare innovasjonsarbeid.
Sjå også statuttane for prisane.
Publisert
26.06.2012 22:20 |
Endret
26.06.2012 22:37