Link til hovedinnhold
Link til hovedmeny
English
Aktuelt
Pasient
Fag
Jobb
Media
Om oss
Helse Vest RHF
/
Aktuelt
/
Nyheiter
Best på rask behandling mot hjerneslag
Nye tal frå OECED viser at Helse Vest har auka behandlinga mot hjerneslag betydeleg, og bidreg dermed til at Noreg ligg i verdstoppen mot hjerneslag.
Av Siri Tjessem Fjælberg,
Helse Vest RHF
Dei nye tala blei lagde fram i ei pressemelding frå Helse- og omsorgsdepartementet i dag.
I 2. tertial vier OECD-rapporten at Helse Vest har auka talet på dei som får trombolysebehandling frå 11,1 prosent i 1. tertial til 17,6 prosent i 2. tertial.
–
Dette er gode resultat som viser at det nyttar å satse på å betre kvaliteten i behandlinga slik regjeringen har lagt opp til. Vi har grunn til å vere stolte av dagens resultat, men eg vil fortsetje arbeidet for å få ned dødstala ytterligare. Ein viktig del av arbeidet mot hjerneslag er at fleire får den nye moderne akutt blodproppoppløysande behandlinga. Målet på sikt er at 20 prosent av alle pasientar under 80 år skal få denne, seier helse- og omsorgsminister Anne- Grete Strøm- Erichsen.
Statsministeren og helse- og omsorgsministeren besøkte tidlegare i haust Helse Stavanger, i samband med dei gode resultata frå vest
.
Les heile pressemeldinga frå Helse- og omsorgsdepartementet
.
Kva er trombolyse?
Hjerneslag er som oftast forårsaka av blodpropp (85 prosent) og blir då kalla hjerneinfarkt. Trombolyse er ei behandling som løyser opp blodproppen ved hjelp av medisinar. Behandlinga bør starte innan 4,5 timar etter at symptoma begynte. Dei vanlegste symptoma på hjerneslag er plutseleg lamming i den eine sida av ansiktet og kroppen, og vanskar med å snakke.
Fakta: Hjerneinfarkt
Omlag 15.000 personar får hjerneslag i Noreg kvart år
Dei fleste pasientane er over 70 år
85 % av tilfella er forårsaka av blodpropp, og då blir det kalla hjerneinfarkt
Publisert 23.11.2011 15:50 | Endret 23.11.2011 20:20
(Skjult) Publisert av eining
(Skjult) Handlar om
Les meir om hjerneslag-
kampanjen "FAST"
TIPS EN VENN
TILBAKEMELDING
SKRIV UT
DEL PÅ FACEBOOK
DEL PÅ DELICIOUS
Kontakt oss
|
Nettstadskart
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger |
helse@helse-vest.no
|
Webredaktør
|
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox
Din e-postadresse:
Mottakers e-postadresse
Avbryt
Din e-postadresse:
Din melding:
Avbryt