Fordeling av inntekter:

Endring i rammevilkåra 

Denne våren har det vore ei utgreiing av modellen for fordeling av inntekter mellom helseføretaka på Vestlandet. Rapporten er no ute til høyring.
Av Siri Tjessem Fjælberg, Helse Vest RHF
 

– For å kome fram til ei inntektsfordeling som blir akseptert over heile Vestlandet, samarbeider fag- og økonomidirektørar frå alle helseføretaka denne våren om ein ny inntektsmodell. Eller meir presist, med ei revidering av inntektsmodellen frå 2009. Fordi behandlingstilbodet, medisinsk teknologi og demografien på Vestlandet er i rask endring, er modellen allereie moden for ei oppgradering. Betre datamateriale frå sjukehusa gir oss dessutan eit betre grunnlag å byggje analysane på, enn for få år tilbake, sa Per Karlsen, økonomi- og finansdirektør, i eit blogginlegg tidlegare.

Arbeidet med rapporten har vore leia av Jon Magnussen frå NTNU med bistand frå Jorid Kalseth frå SINTEF. Dersom forslaget til modell blir vedteke, vil førebels inntekstramme for 2013 bli tildelt i høve til den nye modellen.

Les rapporten og brevet som er sendt ut

Publisert 22.05.2012 10:35 | Endret 23.05.2012 21:08 

 Les meir

© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox