Investerer for over 9,5 milliardar  

Føretaksgruppa i Helse Vest planlegg investeringar for svimlande 9,5 milliardar kroner i perioden frå 2012 til og med 2017. Det betyr fleire, nye moderne bygg, mykje nytt medisinsk-teknisk utstyr – kort sagt eit betre tilbod for pasientane på Vestlandet.
Av Elisabeth Huse, Helse Vest RHF
 

Helse Vest har tidlegare presentert tal for nokre investeringsprosjekt i føretaka den neste fire-femårsperioden. Desse tala kunne tolkast til å skulle synleggjere det totale investeringsbiletet for alle helseføretaka, noko dei ikkje gjorde. Her kjem difor ei presisering av investeringane for kvart enkelt føretak frå 2012 til 2017. Innbakt i dette er nybygg og påbygg, oppgradering av bygg, nytt medisinsk-teknisk utstyr, nytt IKT-utstyr og andre investeringar.

Det er Helse Bergen som står for dei desidert største investeringsplanane med 4,874 milliardar kroner i perioden. Det er mange og store byggeprosjekt som står for hovuddelen av investeringane. Også i Helse Stavanger er det byggeplanar det er avsett mest pengar til av dei 2,029 milliardar investeringskronene. IKT er eit anna stort satsingsområde i perioden, og føretaka sitt selskap Helse Vest IKT, skal investere for 1,36 milliardar kroner i åra fram mot 2018.

Helse Fonna planlegg for 658 millionar kroner til investeringar frå og med 2012 til og med 2017. Om lag halvparten til byggeprosjekt og halvparten til medisinsk-teknisk utstyr og anna. For Helse Førde er summen 541 millionar. Her er det blant anna ny luftambulansebase og ein del andre byggeprosjekt som er blant dei største investeringane.

Sjukehusapoteka Vest som er leverandør av apotekvarer til føretaka, har sett av vel 61 millionar kroner til investeringar i seksårsperioden.

Ei realisering av investeringsplanane, føreset at helseføretaka klarer å halde langtidsbudsjetta sine, og at ein får innvilga lånemidlar for dei prosjekta der det er nødvendig.

Sjå tabellen i høgre marg for oversikt over investeringar per år.

For meir detaljert informasjon om investeringane i kvart enkelt føretak, sjå styresaka om langtidsbudsjettet 2013-2017, eller kontakt føretaket direkte.


Publisert 08.08.2012 10:50 | Endret  

 Sjå heile oversikta

© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox