Ekspertutvalet skal levere sin rapport så snart som råd, og seinast innan 1. mai 2007. I mandatet står det mellom anna at ein skal sjå på organiseringa av den nevrokirurgiske verksemda i Helse Vest og gjere ei vurdering av samarbeidsavtala mellom Helse Bergen og Helse Stavanger.
Utvalet skal også beskrive medisinsk-fagleg og teknologisk utvikling innan fagområdet, grenseflater og avgrensing opp mot andre fagområde og framtidig behov for personell og utstyr. Gruppa skal også vurdere om det er fagleg grunnlag for å dele opp verksemda for elektive (planlagde) kraniotomiar mellom dei to nevrokirurgiske avdelingane i Bergen og Stavanger.
HER ER HEILE MANDATET SLIK DET BLEI VEDTEKE:
Bakgrunn:
Styret i Helse Vest RHF har i sak 96/06 vedteke at det skal gjerast ei evaluering av det nevrokirurgiske tilbodet i regionen. Evalueringa skal gjerast av internasjonale ekspertar.
Nevrokirurgi i Helse Vest RHF
Nevrokirurgi er i Helse Vest RHF organisert som ein høgspesialisert funksjon, jf styresak 105/05. Regionen har eit befolkningsgrunnlag på ca. 950 000 innbyggjarar. Hovudfunksjonen med ei fullverdig nevrokirurgisk avdeling er lagt til Haukeland Universitetssjukehus, Helse Bergen HF.
Styret i Helse Vest RHF har i tillegg vedteke at det skal vere eit akutt nevrokirurgisk tilbod i Stavanger samt ein del elektiv kirurgi, jf. samarbeidsavtala inngått mellom Helse Bergen og Helse Stavanger (sjå under).
Samarbeidsavtala (av 24.08.05) regulerer oppgåvefordelinga og systemansvaret mellom dei to nevrokirurgiske einingane. Samarbeidsavtala legg opp til ei tett integrering av avdelingane. Styret har i sak 96/06 vedteke at avtala mellom Helse Bergen HF og Helse Stavanger HF om nevrokirurgi vert vidareført. Dette er stadfesta i føretaksmøte 1. desember 2006.
Mandat:
- Formålet med vurderinga er å sikre eit godt og likeverdig nevrokirurgisk tilbod til befolkninga på Vestlandet samla, med utgangspunkt i beskrivinga av nevrokirurgien (sjå ovanfor).
- Det skal gjerast ein fagleg gjennomgang av den nevrokirurgiske verksemda i Helse Vest, og organiseringa av denne på HF-nivå.
- Det skal gjerast ei brei vurdering av samarbeidsavtala som grunnlag for oppgåvefordeling mellom føretaka.
- Utvalet skal beskrive medisinsk fagleg og teknologisk utvikling av det nevrokirurgiske fagområdet, grenseflater og avgrensing til andre fagområde, inklusive støttefunksjonar og framtidig personell- og utstyrsbehov.
- Det skal gjerast ei vurdering av om det er fagleg grunnlag for å dele opp verksemda for elektive craniotomiar mellom dei to avdelingane i Bergen og Stavanger.
- Framlagte forslag til alternativ oppgåvedeling skal vurderast, jf. styresak D 06/107.
Helse Vest RHF koordinerer arbeidet. Evalueringa skal vere ferdigstilt så snart som mogeleg, seinast innan 01.05.07.
Utvalet:
Professor Lennart Person, Uppsala, Sverige
Sjefslege/docent Simo Valtonen, Åbo, Finland
Ledende overlæge, dr. med. Jannick Brennum, Glostrup, Danmark
Verksamhetschef Jan Hillman, Universitetssjukhuset i Linköping, Sverige
Publisert
14.12.2006 12:20 |
Endret