Er du over gjennomsnittet forskarinteressert?

No kan du abonnere på nyheitsbrev frå KKF 

Skal du forske og opplever problem med statistikk, forskingsorganisering eller søknadsskriving? Du kan få hjelp til dette og meir hos Kompetansesenter for klinisk forskning (KKF). No kjem KKF-Nytt, eit nyheitsbrev med tenester vi tilbyr, seminar, kurs og anna.
 

Kompetansesenteret for klinisk forskning skal bidra til at føretaka i Helse Vest oppnår sitt forskingsstrategiske mål ved å synliggjere og betre rammevilkåra for forsking som ein integrert del av den kliniske verksemda og gi til kliniske forskarar i Helse Vest.

For å gi alle meir innsyn i kva slags tenester vi kan tilby og viktige hendingar i KKF, vil vi no gi ut eit nyheitsbrev. Den første utgåva av KKFNytt er no tilgjengeleg. Her kan du lese meir om KKF, viktige datoar og fristar, kurs og seminar, i tillegg til ei rekkje opplysningar om hjelp til statistiske problem.

Du kan òg abonnere gratis på KKFNytt ved å melde deg på vår mailingliste her. Brevet vil komme ut ein gang i halvåret.

Besøk gjerne nettsidene våre. Kompetansesenteret held til i brakkebygget Paviljongen, i 2. etasje på vestsida, (gamle hud-tomta), Haukeland universitetssjukehus.


Publisert 03.05.2011 12:30 | Endret 03.05.2011 20:27 
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox