Nye avtalar innanfor radiologitenester 

Helse Vest har hatt open anbodskonkurranse når det gjeld anskaffing av radiologitenester. Avtalane vil gjelde frå 1. september 2012 og ha ei årleg ramme på til saman 95 millionar kroner.
Av Siri Tjessem Fjælberg, Helse Vest RHF
 

For å ivareta tilbodet til pasientane kjøper Helse Vest radiologitenester frå private aktørar knytt til tre av dei største byane i regionen. Desse tilboda kjem i tillegg til det som finnst på kvart av sjukehusa på Vestlandet.

Helse Vest har til hensikt å inngå avtalar med:

1. Curato Røntgen AS for leveringsstaden Stavanger
2. Curato Røntgen AS for leveringsstaden Haugesund
3. Curato Røntgen AS for leveringsstaden Bergen

Konkurransen gjaldt rammeavtale om leveranse av polikliniske radiologiske tenester i eller i nærleiken av Bergen, Stavanger og/eller Haugesund. Varigheit og økonomisk omfang:

 
Økonomisk tak per år– inkluderer alle område
 Bergen   kr 40 000 000,-
 Haugesund   kr 18 500 000,-
 Stavanger   kr 36 500 000,-

Avtalane skal gjelde frå 1.9.2012 til og med 31.8.2016.

Det var to tilbydarar med i konkurransen og begge tilfredsstilte kvalifikasjonskrava som var sett i konkurransegrunnlaget punkt 4.1.

Tildelingskriteria var pris, kvalitet og tilgjengelegheit for pasientar og rekvirentar.

Klagefristen for tildelinga er sett til 25. mai 2012 klokka 12:00.


Publisert 16.05.2012 15:05 | Endret 16.05.2012 15:06 
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox