Selt! Sauda sjukehus blir distriktsmedisinsk senter 

Etter lange forhandlingar, fekk Sauda kommune i dag tilslag på Helse Fonna sitt nedlagte sjukehus for fire millionar kroner. No blir lokala fylte med moderne samhandlingstilbod.
Av Sigurd Rønningen, Helse Vest RHF
 

Forus, august 2011: Tårene står i augo på Sauda-ordførar Laura Seltveit (Ap). Så omfamnar ho spontant helsedirektørane frå Helse Vest etter tur: Sauda kommune har endeleg fått tilsegn på å kjøpe nedlagte Sauda sjukehus. Salssum: 4 millionar kroner.

I dag blei den endelege stadfestinga gitt under føretaksmøtet i Helse Fonna.

– No får vi to fulle etasjar til å etablere nye senger, nytt utstyr og nye behandlingstilbod. Saudasamfunnet får eit høgst moderne distriktsmedisinsk senter akkurat i tide til å løyse oppgåvene som følgjer med samhandlingsreforma, seier tidlegare ordførar Laura Seltveit nøgd:

– Eg forstår ikkje småstadane som bruker masse ressursar på å kjempe for ei lite brukt fødeavdeling. Det distriktsmedisinske senteret vi er i ferd med å byggje i lokala etter
Sauda sjukehus får mye større innverknad på livskvaliteten, helsa og kvardagen til langt fleire innbyggjarar i kommunen.

Den lukkelege endinga på sjukehushistoria i Sauda, kjem etter at Helse Vest og Helse Fonna i fleire steg har justert ned verdien av bygningsmassen. Frå ein bokført verdi som få år tilbake låg på over 50 millionar kroner, blei den endelege salssummen om lag 4 millionar kroner - tilsvarande takst. Som del av salet får Helse Fonna i ti år framover fri leige og fri bruk av straum i eit areal på 300 kvadratmeter i det nedlagte sjukehuset. Her skal det driftast poliklinikk, røntgen og blodbank, i tillegg til kontor for barne- og ungdomspsykiatri.

Inneverande år har Sauda kommune sett av om lag 17 millionar kroner til opprusting av sitt nyerverva sjukehusbygg.

– Vi er tidleg ute og tilpassar oss krava i samhandlingsreforma litt på forskot. Per i dag har ikkje Sauda måtta betale Helse Fonna for ein einaste utskrivingsklar pasient som blir liggjande på sjukehus fordi kommunen ikkje har tilstrekkjeleg tilbod lokalt, seier Seltveit:

– Vi meiner det er best for alle partar at vi tek hand om pasientane våre sjølve.


Publisert 08.02.2012 11:05 | Endret 08.02.2012 14:32 
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox