Statsministeren fann kvalitet i Stavanger 

Saman med helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen, skryt statsminister Jens Stoltenberg av hjerneinfarktbehandlinga i Helse Stavanger.
Av Sigurd Rønningen, Helse Vest RHF
 

Jens Stoltenberg besøker Helse Stavanger
Statsministeren i akuttmottaket. I midten styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest RHF. I raudt helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Foto: Helse Stavanger.

- Vi er her for å vise kva kvalitet er, sa statsminister Jens Stoltenberg då han tidlegare i dag besøkte Helse Stavanger.

Statsministeren viste til ei heilt ny offentleggjering av tal for behandling av hjerneinfarkt – såkalla kvalitetsindikatorar – som syner at Helse Stavanger viser veg for resten av landet.

– Heile Noreg kan lære av Stavanger, sa statsministeren, og understreka at innsyn i kvalitetsindikatorane er viktig både for pasientar, helsetenesta og helsemyndigheitene.

Helsetenestene skal bruke desse tala - og kunnskapen dei gir - til å forbetre kvaliteten på behandlinga.

Les meir på helsenorge.no.

Kvar femte får trombolyse
Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen la til at kvaliteten på behandling av hjerneinfarkt skal ytterlegare opp. Målet er å gi kvar femte hjerneslagpasient trombolyse – noko Helse Stavanger dei siste månadene har klart. Trombolyse er ei behandling som løyser opp blodpropp ved hjelp av medisinar.

Rask behandling viktig
Symptom på hjerneslag oppstår vanlegvis akutt. Rask og riktig behandling kan redusere nokre av dei alvorlegaste konsekvensane. Det er derfor viktig at symptoma på hjerneslag er kjent, og at pasienten raskt kjem til vurdering ved sjukehus.

Les meir om FAST-reglane for å hindre skader ved hjerneslag

Fakta: Hjerneinfarkt

  • Om lag 15 000 personar får hjerneslag i Noreg kvart år.
  • Dei fleste pasientane er over 70 år.
  • 85 % av tilfella er forårsaka av blodpropp, og blir då kalla hjerneinfarkt.

Publisert 07.09.2011 16:00 | Endret 07.09.2011 16:15 
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox