Tilbod for gravide og barsel i Lærdal
Styret i Helse Vest har i dag vedteke at den forsterka fødestova i Lærdal blir erstatta med eit poliklinisk tilbod for gravide som inkluderer følgjeteneste, og eit barseltilbod ved sjukehuset.
Grunnlaget for eit føreseieleg og robust fødetilbod i Lærdal synest ikkje å vere til stades slik som det er lagt til grunn i føretaksprotokollen av 4. mai 2011, og tilrådingar frå Helsedirektoratet i rettleiaren; Et trygt fødetilbud - Kvalitetskrav til fødselsomsorgen.
I Noreg har vi nulltoleranse for at fødselskomplikasjonar unødig skal føre til død eller stor, varig fødselsskade. Då må dette omsynet ha førsteprioritet når fødselshjelpa skal organiserast.
Ein har ikkje lukkast med rekrutteringa til jordmorstyrt fødestove i Lærdal, og då skal det i tråd med vedtak i styret for Helse Vest RHF etablerast eit poliklinisk tilbod for gravide som inkluderer følgjeteneste, og eit barseltilbod ved sjukehuset. Krava som er sett til jordmødrene, som erfaring og moglegheit for vedlikehald av kompetanse og eit godt fagmiljø har ikkje vore mogeleg å oppfylle. Forventa tal på fødslar er lågt, mellom 20 og 35 årleg, noko som vidare ville betydd berre 2-4 fødslar årleg per jordmor, i snitt.
Reisetidene til fødeavdeling med full 24/7 beredskap på god veg er heilt vanlege og forsvarlege.
Det er nedsett ei arbeidsgruppe med representantar frå Helse Førde, Lærdal sjukehus, kommunane og tillitsvalde, som no også med Helse Bergen og brukarar, skal utforme innhaldet i framtidas helsetilbod til gravide, fødande og barselkvinner i indre Sogn innan 30. juni 2012.
Det skal innan 30. juni 2012 inngåast avtalar om jordmortenester mellom helseføretak og kommunar, i tråd med Helse- og omsorgstjenesteloven § 6-2 nr. 8 (Samhandlingsreformen - Lovpålagte samarbeidsavtaler mellom kommuner og regionale helseforetak/helseforetak. Nasjonal veileder).
I denne samanhengen er det lagt inn føringar for avtalene, for å sikre trygge og gode tenester. Desse føringane seier blant anna at ein skal klargjere korleis tenestene skal organiserast med omsyn til kvalitet, informasjon, følgjeteneste, kurs og svangerskaps-, fødsels- og barselsomsorg.
Publisert
01.02.2012 14:05 |
Endret