Hjerneslag - du kan redde liv! 

 
Ved å lære deg nokre enkle reglar ved hjelp av bokstavane F-A-S-T, kan du bidra til å redde liv. Lamming i ansiktet eller i ein arm, språkforstyrringar eller utydeleg uttale kan tyde på hjerneslag. Kontakt 113!
 

Helsedirektoratet har sendt ut ein brosjyre med oppmoding om at vi skal lære oss FAST-regelen. FAST kjem frå det engelske ”raskt” og betyr nettopp at vi skal handle raskt dersom vi kjem ut for ein person som har eitt eller fleire av dei såkalla FAST-symptoma for hjerneslag.

Med di hjelp kan personen kome raskt til sjukehus for å få riktig behandling.

  • F – Fjes – lamming i ansiktet, smiler skjeivt
  • A – Arm – lamming i en arm, kan ikkje halde armen lyft
  • S – Språk – språkforstyrring, finn ikkje riktig ord
  • T – Tale – taleforstyrring, utydeleg tale

FAST=RASKT!

Ved eitt eller fleire FAST-symptom, kontakt 113!

Kvifor hastar det å kome på sykehus?

  • For å begrense storleiken på hjerneskaden
  • For å kunne gi trombolyse (hindre blodpropp) innan 3 timer
  • For å behandle komplikasjonar
  • For å kome raskt i gang med rehabilitering

Kvifor er dette viktig?

Kvart år blir om lag 15000 personar i Noreg ramma av hjerneslag. Hjerneslag er ein av de hyppigaste årsakene til død og funksjonshemming, og er ein stor utfordring både for den enkelte som blir ramma, dei pårørande, for helsetenesta og for samfunnet.

Talet på hjerneslag vil kunne auke med 50 prosent dei neste 20 åra fordi det blir fleire eldre.

Det finst effektiv behandling som kan redusere omfanget av skaden etter eit hjerneslag, men det hastar. Hjerneslag skal behandlast som ein akutt tilstand og alle som kjem i kontakt med personar som har eller nylig har hatt symptom på hjerneslag, kan bidra til at dei kjem raskt til behandling.

Helsedirektoratet har i 2010 gitt ut en nasjonal retningslinje for behandling og rehabilitering ved hjerneslag for å bidra til god behandling for alle. Den kan bestillast på trykksak@helsedir.no (bestillingsnummer IS-1688 og IS-1801).

Du finn den òg på direktoratet si heimeside:

I tillegg har Fagråd for hjerneslag i Helse Nord laga ei side som omhandlar hjerneslag. Den finn du på www.hjerne.no, der du kan lese meir om FAST.

 

 


Publisert 06.09.2011 20:33 | Endret 20.12.2011 16:37 
Emblem FAST

 Relaterte lenkjer

© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox