Kva er samhandlingsreforma?
Samhandlingsreforma er ei helsereform som inneber at kommunane overtek eit større ansvar for helse- og omsorgstenestene til innbyggjarane.
Kommunane skal etablere frisklivssentralar og lokalmedisinske senter som skal ta imot pasientar før, etter eller i staden for eit sjukehusopphald, noko som fører til betre tenester for innbyggjarane. Reforma legg opp til at det skal lønne seg for sjukehusa og kommunane å samarbeide for å gi pasienten rett behandling på rett stad til rett tid.
Kvifor blir reforma innført?
Bakgrunnen for reforma er at det i framtida vil bli mange fleire eldre og fleire menneske med kroniske sjukdommar, veksten i helseutgiftene må reduserast, og ein må tenkje meir heilskapleg om tenestetilbodet.
Kva inneber samhandlingsreforma for meg som pasient?
Reforma legg opp til at du skal få lågterskeltenester nær heimstaden din. Innbyggjarane skal få fleire spesialiserte helsetenester lokalt: førebyggjande helsearbeid, behandling og oppfølging av kronisk sjuke og eldre.
Kva ansvar får kommunane?
Kommunane skal behandle fleire pasientar sjølve – førebyggje meir og gi tidlegare hjelp enn før. Dei som har behov for behandling i spesialisthelsetenesta, skal framleis behandlast der, men i dei tilfella der kommunen sjølv kan greie ut, behandle eller yte omsorg, vil behandlinga etter kvart kunne utførast i kommunen. Det vil i hovudsak gjelde pasientar som har ein kjend sjukdom som ved forverring kan få behandling som er avtalt på førehand, og der allmenntilstanden tilseier at eit slikt kommunalt tilbod kan vere like godt eller betre enn innlegging i sjukehus. Plikta til å tilby nødhjelp-døgnopphald i kommunane vil tre i kraft i 2016, med ei gradvis overføring av midlar frå spesialisthelsetenesta til kommunane i perioden 2010 til 2015.
I praksis ønskjer regjeringa å gi kommunane eit økonomisk medansvar for pasientar som blir behandla i sjukehus. Kommunane skal betale ein del av kostnadene ved å behandle ein pasient på sjukehus. Regjeringa har foreslått å overføre 20 prosent av tilskota til dei regionale helseføretaka til kommunane. Tanken er at ein skal kunne etablere kommunale helsetenester som skal koste mindre.
Kva ansvar får sjukehuset?
Spesialisthelsetenesta skal spisse oppgåvene sine og må samtidig organisere seg etter kva rettleiingsbehov kommunane har. Etableringa av lokalmedisinske senter skal ikkje erstatte lokalsjukehusa vi har i dag. Lokalsjukehusa er ein del av spesialisthelsetenesta og tilbyr blant anna kirurgisk og indremedisinsk behandling og beredskap på døgnbasis. Lokalmedisinske senter skal vere ein del av kommunehelsetenesta og ein arena for dagtilbod og polikliniske tenester frå spesialisthelsetenesta.
Publisert
18.11.2011 14:37 |
Endret
21.11.2011 16:50