Forsking og utvikling 

Forsking er eit av satsingsområda til Helse Vest, og sjukehusa våre er blant dei viktigaste kunnskapsbedriftene i landet. Målet er å gi pasientane ei behandling som er kjenneteikna av høg kvalitet og tryggleik. Derfor er oppdatering og vidareutvikling av kunnskapen heilt nødvendig. Det må først og fremst skje gjennom forsking og utdanning.

Forsking, forskarutdanning, formidling og oppfølging av forskingsresultat og innovative løysingar i tenesta er viktig for å sikre ny kunnskap som kan føre til at tenestetilbodet som blir gitt i regionen, er trygt, kostnadseffektivt og gir ein helsegevinst. Dette er føringane som er gitt til Helse Vest gjennom oppdragsdokumentet frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD).

Det er eit mål å styrkje pasientretta klinisk forsking, blant anna forskarinitierte kliniske intervensjonsstudiar av høg kvalitet og relevans i helseføretaka. Det er eit mål å sikre oppbygging av forskingskompetanse innanfor forskingssvake fagområde, samtidig som det er viktig å stimulere forskingsmiljø av høg kvalitet slik at desse miljøa kjem i posisjon til å få eksterne midlar nasjonalt og internasjonalt, for eksempel gjennom EU sitt 7. rammeprogram.

Les meir i oppdragsdokumentet frå regjeringa

 Nyheiter

 Presentasjonar av utvalde forskingsprosjekt

Henter data

 Søk i Forskingsregisteret

Forskingsregisteret inneheld presentasjonar, inkludert målseting og resultat, av forskingsprosjekt finansiert av Helse Vest. Alle pågåande prosjekter rapporterer til registeret éin gang i året. Bruk søkeboksen under for å finne igjen andre forskingsprosjekt enn de presentert ovanfor.

 Meir om forsking og utvikling

 Aktuelle lenkjer

 Nye vitskaplege publikasjonar

Henter data
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox