Utdanning 

 Ein framtidsretta og attraktiv kompetanseorganisasjon

Helseføretaka er kunnskapsbedrifter og utdanning av helsepersonell er ein av hovudfunksjonane til sjukehusa. Medarbeidar- og kompetanseutvikling er sentrale tiltaksområde for både å tiltrekkje seg arbeidskraft, halde på medarbeidarane og utvikle arbeidskrafta i tråd med dei behova tenesta krev. I tillegg har spesialisthelsetjenesta ansvar for forsking og opplæring av pasientar og pårørande.

Utdanning av helsepersonell skal vere med på å sikre riktig kompetanse og nok helsepersonell i helsetenesta, både på kort og lang sikt. Utdanningsoppgåver omfattar tiltak knytt til grunnutdanning, turnusteneste, vidareutdanning, etterutdanning og spesialistutdanning. Leiingsforankring og god organisering og rettleiing av praksis-, lærling- og turnusordningane bidreg til at helseføretaka står fram som gode og attraktive læringsarenaer.

Samarbeid med utdanningsinstitusjonane
Helseføretaka i Helse Vest samarbeider med utdanningsinstitusjonane om utdanning av helsepersonell.
Gjennom samarbeidet stiller helseføretaka og private institusjonar med avtale med Helse Vest praksis- og lærlingplassar til disposisjon i samsvar med dei aktivitetskrava som er gitt. Det finst ulike former for samarbeidsavtaler som regulerer innhald og omfang av praksisundervisning og praksisrettleiing.

Kompetanseheving blant eigne medarbeidarar
Kompetanseheving blant eigne medarbeidarar er viktig for å sikre kompetente medarbeidarar til alle oppgåvene i føretaka. Helse Vest har derfor etablert gode samarbeidsavtalar med fleire utdanningsinstitusjonar for helsepersonell som ønskjer å spesialisere seg og/eller ta vidareutdanning. I tillegg har føretaksgruppa etablert ein kompetanseportal som legg til rette for betre oppfølging av kvar einskild medarbeidar. Portalen gir ein samla oversikt over kompetansen til den enkelte medarbeidar, og er derfor eit viktig verktøy både for medarbeidarane og leiarane i helseføretaka.

Kompetanseportalen er nært knytt opp til e-læringsportalen. Via e-læringsportalen får ein tilgang til ei rekkje kurs og opplæringsprogram, som gjer det mogleg for leiarar og medarbeidarar å oppdatere kunnskapane sine ved hjelp av internettbaserte e-læringskurs.

Opplæring av passientar og pårørande
Ei av hovudoppgåvene til helseføretaka er opplæring av pasientar og pårørande. Eit viktig tiltak i så måte er lærings- og meistringssentra (LMS) for kronisk sjuke. Her kjem pasientar og deira pårørande for å få informasjon, opplæring og kurs som gjer dei betre i stand til å takle sjukdommen sin. Alle helseføretaka i vest har etablert velfungerande lærings- og meistringssenter, der tilbodet er utvikla i samarbeid med og tilpassa behova hos pasientane.

Fleire av helseføretaka har desentralisert lærings- og meistringsfunksjonen slik at tilboda skal vere lettare tilgjengelege for brukarane. Det er utvikla og teke i bruk ein database som gir samla oversikt over alle dei ulike kursa for pasientar og pårørande i helseføretaka i regionen.

Illustrasjonsfoto: Kjetil Alsvik

 Nyheiter

 Nasjonal leiarutvikling

© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox