Alle som søkjer jobb i Helse Vest RHF, eller i helseføretaka, må registrere CV og søknad via jobbsøkjardatabasen Webcruiter. Søknadar og CV-ar som er lagt inn i Helse Vest RHF sin database, er ikkje tilgjengeleg for rekrutteringspersonell ved sjukehusa.
Søknads- og CV-registrering.
Du får eit brukernamn og passord og du vil kunne redigere, endre og søkje på fleire stillingar med same CV. Du treng ikkje registrere ny CV for kvar gong du søkjer på ein jobb i Helse Vest, men skrive ein kortfatta søknad. Her kan du òg få oversikt over tidlegare stillingar du har søkt på.
Som søkjar må du hugse:
- Registrer inn god dokumentasjon på utdanning, arbeidserfaring og autorisasjonar i CV-en.
- Svar på det annonsen etterspør.
- Legg gjerne med vedlegg som attestar, godkjenningar og vitnemål.
- For meir informasjon om stillinga, kontakt den som står oppgitt i annonseteksten.