Mål og strategiar 



- Vi skal fremme helse og livskvalitet!

Formålet med all aktivitet i Helse Vest er å sørgje for at pasientane får eit så kvalitativt godt tilbod som mogleg. Oppgåvene skal løysast på ein måte som sikrar pasientane trygg, effektiv og likeverdig behandling av høg kvalitet. Helsetenestene skal medverke til god helse, livskvalitet og fremme pasientane si eiga meistring.

Helse Vest har det overordna ansvaret for at oppgåvene til helseføretaka blir løyste i samsvar med helsepolitiske mål og prioriteringar innan dei økonomiske rammene og ressursane Helse Vest disponerer.

Strategien fram mot 2020
Gjennom prosjektet Helse2020 har Helse Vest i samarbeid med helseføretaka fått nyttig kunnskap om korleis framtida vil fortone seg for sjukehusa. På bakgrunn av denne kunnskapen blei det i 2007 vedteke ein strategi for helseregionen. Dette er fellesgods som skal gjelde for alle helseføretaka i Helse Vest. 
  
Rapporten ”
Strategi for helseregionen” skildrar dei ulike delprosjekta og tiltaka som Helse2020 har munna ut i. I juni 2011 blei revidert visjon vedteke av Helse Vest sitt styre. Både ny og gammal strategi finn du i høgremargen.

Visjonen for spesialisthelsetenesta på Vestlandet er å fremme helse og livskvalitet

Å fremme helse og livskvalitet er den nye 
visjonen for spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Felles visjon, verdiar og målsettingar er viktig for å nå måla.

Regionale planar - Bruk for å vise en dynamisk visning av innhold fra området på en webside  Regionale planar

© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox