Helse Vest ønskjer å involvere brukarane og gi dei moglegheit til å delta i utforminga av tenestetilbodet. Dialog og samhandling med representantar for brukarane er særs viktig for utvikling av tenestene.
Det regionale brukarutvalet (RBU) er pasientane sitt rådgivande organ ovanfor Helse Vest RHF. Hensikta med utvala er å sikre at pasientane kjem til orde i saker som påverkar helsetenestene, samtidig som helseføretaka får viktige innspel frå brukarane av tenestene. Det er etablert brukarutval (BU) i alle helseføretaka i Helse Vest, unnateke for Sjukehusapoteka Vest.
Pasient- og brukarundersøkingar
Pasientane skal møte god service, empati og forståing og skal jamleg få vurdere tenestene gjennom pasienterfaringsundersøkingar. Det er viktig at pasientane kan delta aktivt i eigen behandling og rehabilitering, og det føreset blant anna forståeleg og tilgjengeleg informasjon.
I tillegg til resultata frå ulike pasienterfaringsundersøkingar er samarbeid mellom brukarorganisasjonar og det regionale helseføretaket avgjerande for å vidareutvikle helsetenestene i regionen. Helse Vest samarbeider med brukar- og pasientorganisasjonane gjennom det regionale brukarutvalet. Dette er eit rådgivande organ for Helse Vest og eit samarbeidsforum mellom Helse Vest og brukarorganisasjonane.
Helse Vest støtter brukarorganisasjonane
Som ansvarleg instans for spesialisthelsetenesta i Helse Vest, gir Helse Vest kvart år støtte til brukarorganisasjonar.
Brukarorganisasjonane driv eit viktig arbeid overfor medlemmene sine, og set i verk tiltak for medlemmene som kanskje elles ikkje ville bli utført. Dei driv òg eit viktig helseopplysingsarbeid for innbyggjarane. Helse Vest tildeler kvart år midlar til brukarorganisasjonar.
Du kan lese meir om korleis din organisasjon kan søkje om tilskot under Tilskot til helsefremjande arbeid i høgremenyen.
Illustrasjonsfoto: Shutterstock