Regional forbetringsutdanning

Helse Vest sin forbetringsutdanning i forbetringsmetodikk gir kompetanse til å drive og gjennomføre forbetringsprosjekt, til det beste for pasientar, pårørande og medarbeidarar.

Forbetringsutdanninga er praktisk orientert og går over ti månadar, med oppstart i august kvart år. Som del av utdanninga vil deltakarane få rådgiving frå ein rettleiar. Forbetringsutdanninga består av fire obligatoriske samlingar, to samlingar haustsemesteret (1+2 dagar) og to samlingar vårsemesteret (2+2 dagar), og telefonmøte mellom samlingane.

Utdanninga gir kompetanse i systematisk forbetring og bruk av statistisk prosesskontroll (SPC) og alle deltakarane skal gjennomføre eit klinisk forbetringsarbeid i utdanningsløpet.

Målet er at den kunnskapen og dei erfaringane deltakarane får i løpet av utdanninga, blir bruke til å arbeide med anna forbetringsarbeid og til å lære opp andre i organisasjonen til å kunne arbeide effektivt med kvalitetsforbetring.

Plassane vil bli fordelte mellom helseføretaka.

Søknadsskjema og kriterium

Den som vil søkje, må søkje i eige søknadsskjema om å få plass i utdanninga. Forbetringsarbeidet må vere avklart med og godkjent av leiaren til søkaren.

Det er ein føresetnad at leiaren legg til rette for deltaking på samlingane og telefonmøta, og gir deltakaren tid til å arbeide med forbetringsarbeidet før og mellom samlingane. I tillegg må leiaren etterspørje resultat og bidra til at det blir etablert eit forbetringsteam som skal delta i arbeidet med forbetringane. Det er også ein føresetnad at den kunnskapen og dei erfaringane deltakaren får i løpet av utdanninga, i ettertid kan brukast til å arbeide med andre forbetringsprosjekt og til å lære opp andre i organisasjonen til å kunne arbeide effektivt med forbetringar.

Søknadane skal prioriterast i føretaka før innsending til Helse Vest RHF, og helseføretaka skal sende søknadane inn samla til Helse Vest RHF.

Målgruppa er alle medarbeiderar som ønskjer å gjennomføre forbetringsarbeid i eiga eining.

Etter å ha gjennomført utdanninga skal deltakaren kunne setje i verk, gjennomføre og leie forbetringsarbeid, som gir varig betring av tenestene.

For forbetringsutdanninga som strekkjer seg over 10 månadar, dekkjer Helse Vest overnatting, opphald og kost. Føretaket ditt må dekkje reise til og frå samlingane.

På grunn av koronapandemien, er oppstarten august 2020 forskyve. Helse Vest håpar å kunne starte opp kurs i løpet av hausten 2020. Vi vil kontakte søkjarane direkte med mer informasjon.

Søknadsfristen for hausten 2020 er gått ut.

Ta kontakt med din lokale pasienttryggleikskoordinator for  meir informasjon.

Helse Førde
Kari Holvik Furevik

Helse Bergen
Gerd Gran

Helse Fonna
Laila Østebøvik

Helse Stavanger
Karin Merete Jensvold

Haraldsplass
Ingeborg Kaldefoss Fauskanger

banner forbetringsutdanning

Om forbetringsutdanninga

Den regionale forbetringsutdanninga er utvikla av Program for pasienttryggleik i Helse Vest og byggjer på The Improvement Advisor Professional Development program  frå Institute for Healthcare Improvement (IHI) i USA og Nordisk forbedringsagentutdannelse frå Dansk selskab for patientsikkerhet/Helsedirektoratet.

Målgruppa er helsepersonell med pasientkontakt som ønskjer å gjennomføre forbetringsarbeid i klinisk praksis og andre som jobbar og har ansvar med klinisk forbetringsarbeid.

Etter å ha gjennomført utdanninga skal du kunne sette i verk, gjennomføre og leie kliniske forbetringsarbeid, som gir varig betring av tenestene, til det beste for pasientar og pårørande.

Deltaking, inkludert overnatting, opphald og kost i samband med samlingane, er gratis. Føretaket ditt må dekkje reise til og frå samlingane.

Samlingar 2020

På grunn av Covid-19-pandemien vil oppstart bli forskyve. Vi håpar å kunne starte hausten 2020.

Handbok, fagstoff og tilrådd lesing

Forbetringskunnskap, I trygge hender 24/7Institute for Healthcare Improvement, IHIThe Science of Improvement, Donald M. Berwick, MD, MPP, FRCP

Fann du det du leitte etter?