For heilt tilfeldig er gåva ikkje. Denne måndagen starta også Haugesund sjukehus med Imatis-løysinga på PC og telefonar for pasientflyt og ressursar, bruk av sengeposttavler, Imatis på PC og altså på mobiltelefon.
– Med dette skal flyten og logistikken bli betre, seier prosjektleiar Anne Møklebust.
– Vi starta med to postar i dag, gastro-nefro og geriatrisk. Nye kjem på dei neste vekene, og 16. desember er alle med. Medisinske støttetenester kjem på etter jul, når alle er oppe.

Med var også f.h.: Systemansvarleg for Imatis i Helse Fonna, Tone Elin Gautesen, konfigurator Younus Froberg, prosjektleiar Anne Møklebust, og Linda Lie og Aase Pauly Nevland frå gastro-nefro. Foto: Linda Bokn
Nøgd med gåvene
Med Imatis skal det bli betre oversikt enn med dagens løysingar.
– Mange har vore spente på dette og sett fram til å få betre oversikt enn det whiteboard-tavla er i dag. Mitt første inntrykk er at brukarane syntes det var oversiktleg og enkelt, seier Møklebust.
Informasjon og beskjedar dukkar raskare opp på dei digitale tavlene. Same informasjon finst også på touchtavler på ute på avdelinga.
– No kan vi for eksempel få raskare oversikt over kva som skal gjerast før legevisitten er ferdig. Det skapar betre flyt, seier Møklebust.

Sjur Hopland deler ut telefonar til dei tilsette. Foto: Linda Bokn