Om seminaret
Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest arrangerer seminar om bruk av data frå medisinske kvalitetsregister til både kvalitetsforbetring og forsking. Gjennom ei rekkje dyktige innleiarar får du eit innblikk i korleis data i større grad kan brukast og blir brukt til kvalitetsforbetring og forsking.
Målgruppe
Leiarar, registertilsatte, fagmiljø-/ medarbeidarar med fleire, i dei lokale helseføretaka i vest som er interessert i bruk av registerdata til forsking og kvalitetsforbetring.
Bakgrunn
Det er ønske om og forventing til at registerdata i større grad skal brukast til kvalitetsforbetring og forsking. Dette blir vektlagt både i oppdragsdokumentet frå Helse- og omsorgsdepartementet til Helse Vest, og i styringsdokumentet frå Helse Vest til dei lokale helseføretaka.
Påmelding
Påmelding via e-post til Mariana Qamile Rød. Det er plass til 147 deltagere. Plassene vil bli delt ut løpande, og du vil få ei bekrefting på di deltaking. Skulle arrangementet bli fullt, vil det bli gitt informasjon om dette.
Seminarkostnadar er dekte. Reise- og overnattingskostnadar blir dekt av deltakarne.
Gi beskjed om eventuelle matallergiar eller andre behov, ved påmelding.
Lett servering
klokka 09:00
Program
09:30 - 09:35: Velkommen
ved Kandiah Panchakulasingam, assisterande fagdirektør, Helse Vest RHF
09:35 - 10:05: Register – ei gullgruve til kvalitetsforbetring og forsking?
ved Philip Skau, leiar Nasjonalt servicemiljø Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE), Helse Nord
10:05 - 10:35: Forsking og kvalitetsforbetring – to sider av samme sak?
ved Anne Grimstvedt Kvalvik, spesialrådgivar, dr. med, Fagsenter for medisinske kvalitetsregister, Helse Vest
10:35 - 10:50: Registerdata som utgangspunkt for kvalitetsforbedring
ved Kandiah Panchakulasingam, assisterande fagdirektør, Helse Vest RHF
10:50 - 11:05: Bruk av registerdata til forskning
ved Renate Grüner, forskingsdirektør, Helse Vest RHF
11:05 - 11:15: Spørsmål og kommentarar
11:15 - 12:00: LUNSJ
12:00 - 12:30: Registerdata og kontinuerlig kvalitetsforbedring innanfor diabetesbehandling: Erfaringar frå barnediabetesteamet
ved Heiko Bratke, overlege og spesialist i pediatri, Helse Fonna
12:30 - 12:45: Ikkje-medikamentell behandling ved akutt smerte – Eit kvalitetsforbetringsprosjekt med bruk av data frå SmerteReg
ved Anne Mari Gunnheim Klausen, sjukepleiar og prosjektleiar, Helse Bergen
12:45 - 13:00: Moglegheiter for bruk av nasjonale medisinske kvalitetsregister i forsking
ved Karianne Fjeld Løvaas, dagleg leiar Norsk diabetesregister for vaksne
13:00 - 13:15: Moglegheiter med nye studiedesign og analysar
ved Geir Hallan, R-RCT ALBA-studien Nasjonalt register for leddprotesar, overlege/professor ved Kysthospitalet i Hagevik (KIH), HUS og UIB
13:15 - 13:25: Spørsmål og kommentarar
13:25 - 13:40: PAUSE
13:40 - 14:10: Kvalitetsforbetring i klinikk - samhandling mellom leiinga, klinikarar og brukarar
ved Lin Iren Giske Andersen, LHL Hjerneslag og afasi og Soffien Chadli Ajmi, overlege / PhD-stipendiat, Helse Stavanger
14:10 - 14:25: Bruk av medisinske kvalitetsregister i forsking - Regulatoriske hensyn og datatilgang
ved Svein Ove Skjoldal, jurist/rådgivar, Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest
14:25 - 14:40: PROM-data
ved Tone Merete Norekval, professor og spesialrådgiver ved Fagsenter for pasientrapporterte data
14:40 - 15:00: Diskusjon og avslutning