Forskingskonferansen 2017

Konferanse, 26.10.2017-27.10.2017

Årets konferanse blir arrangert på Solstrand Hotel & Bad i Os utanfor Bergen, torsdag 26. og fredag 27. oktober.


Benk står ytterst mot en fjord. Vakker sol. Foto.

Det er det regionale samarbeidsorganet for forsking og innovasjon mellom Helse Vest RHF, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet som arrangerer den årlege forskingskonferansen. Konferansen startar kl. 16.00 på torsdag 26. oktober og blir avslutta med lunsj på fredag 27. oktober.

Sjå program for konferansen 2017

Målgruppa for konferansen er blant anna styremedlemmar, leiarar og forskarar, og dei involverte institusjonane er blitt bedne om å sørgje for at invitasjonen når dei aktuelle gruppene.

Det er sett eit øvre tak på makismalt 100 deltakarar. Kostnadene til overnatting og mat blir dekt av Helse Vest RHF. Kvar enkelt institusjon dekkjer reisekostnader for sine deltakarar.

Frå 1. september skjer påmeldinga til konferansen, så langt plassane rekk, direkte via konferansearrangør Kongress og Kultur AS. 
Klikk her om du ønskjer å melde deg på 
Påmeldingsfrist er fredag 6. oktober 2017. Vi nyttar "først til mølla"- prinsippet for påmelding. Det vil seie at når konferansen er fullbooka, vil ein ikkje lenger kunne melde seg på. Ta eventuelt kontakt med konferansearrangør Kongress & Kultur (mail@kongress.no.)

Spørsmål om konferansen kan rettast til Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking: forskning@helse-vest.no


Når og kvar

Dato
26.10.2017-27.10.2017 
Klokkeslett
16:00-13:30 
Stad
Solstrand Hotel og Bad
Os utanfor Bergen
 
Kontakt
Spørsmål om konferansen kan rettast til Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking:

forskning@helse-vest.no
 
Meir informasjon
http://solstrand.com Solstrand Hotel og Bad