Forskingskonferansen 2018

Konferanse , 25.10.2018-26.10.2018

 

Benk står ytterst mot en fjord. Vakker sol. Foto.

Det er det regionale samarbeidsorganet for forsking og innovasjon mellom Helse Vest RHF, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet som arrangerer den årlege forskingskonferansen. Konferansen startar kl. 16.00 på torsdag 25. oktober og blir avslutta med lunsj på fredag 26. oktober. I år skal konferansen haldast i Stavanger på hotellet Scandic Stavanger Airport.

Program kjem snart.

Målgruppa for konferansen er blant anna styremedlemmar, leiarar og forskarar, og dei involverte institusjonane er blitt bedne om å sørgje for at invitasjonen når dei aktuelle gruppene.

Det er sett eit øvre tak på makismalt 100 deltakarar. Kostnadene til overnatting og mat blir dekt av Helse Vest RHF. Kvar enkelt institusjon dekkjer reisekostnader for sine deltakarar.

Samarbeidsorganet har vedteke at ein del av plassane på konferansen skal tildelast dei deltakande institusjonane. Dei som ønskjer å delta må derfor ta kontakt med kontaktpersonen ved ”eigen” institusjon (sjå under). Kontaktpersonen koordinerer påmeldingar ved den enkelte institusjonen frem til og med fredag 31. august klokken 12, det vil seie for dei som ønskjer å delta/dei som institusjonen ønskjer at deltar.

Kontaktpersonar:


Frå 1. september skjer påmeldinga til konferansen, så langt plassane rekk, direkte via konferansearrangør Kongress og Kultur AS. 

Spørsmål om konferansen kan rettast til Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking: forskning@helse-vest.no


Når og kvar

Dato
25.10.2018-26.10.2018 
Klokkeslett
16:00-13:00
Stad
Stavanger
 
Kontakt
Spørsmål om konferansen kan rettast til Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking: forskning@helse-vest.no
 
Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.