Forskingskonferansen 2019

Konferanse, 24.10.2019-25.10.2019

 

Her kan du fremje kandidatar til forskingsprisen og innovasjonsprisen 2019

Det er det regionale samarbeidsorganet for forsking og innovasjon mellom Helse Vest RHF, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet som arrangerer den årlege forskingskonferansen.

Konferansen startar kl. 16.00 på torsdag 24. oktober og blir avslutta med lunsj på fredag 25. oktober. I år skal konferansen haldast på Solstrand Hotel & Bad i Os, like utenfor Bergen.

Målgruppa for konferansen er blant anna styremedlemmar, leiarar og forskarar, og dei involverte institusjonane er blitt bedne om å sørgje for at invitasjonen når dei aktuelle gruppene.

Foreløpig program 2019

Torsdag 24.10

  • 16.00 - 17.00 Registrering og kaffe
  • 17.00 - 17.10 Kunstnerisk innslag
  • 17.10 - 17.30 Åpning av konferansen-Baard-Christian Schem, fagdirektør i Helse Vest RHF
  • 17.30 - 18.15 Klinisk forskning i en verden med persontilpassea medisin
    Bass Hassan, onkolog og forskar ved Lincoln College og Sir Dunn School of Pathology, University of Oxford.
  • 18.15 - 18.30 Pause
  • 18.30 - 19.00 «Hvordan kan presisjonsmedisin fremme klinisk forskning?»
  • 19.30 - Middag m/utdeling av Helse Vests forskingspris og innovasjonspris

Fredag 25. oktober 2019

  • 09.00 - 09:30 IKT-samarbeid mellom sektorane
  • 09:30 - 09:40 Pause
  • 09.40 - 10.45 Presentasjon av vinnaren av Helse Vests forskingspris og innovasjonspris
  • 10.45 - 11.15 Pause og utsjekking
  • 11.15 - 12.00 Helsenæring og innovasjon - Professor Helge Ræder, prodekan for innovasjon ved Det Medisinske Fakultet ved UiB og overlege Barneklinikken, Haukeland universitetssjukehus
  • 12.00 - 12.15 Oppsummering og avslutning ved Baard-Christian Schem, fagdirektør i Helse Vest RHF
  • 12.15 Lunsj

Påmelding

Det er sett eit øvre tak på makismalt 100 deltakarar. Kostnadane til overnatting og mat blir dekt av Helse Vest RHF. Kvar enkelt institusjon dekkjer reisekostnadar for sine deltakarar. Samarbeidsorganet har vedteke at ein del av plassane på konferansen skal tildelast dei deltakande institusjonane.

Dei som ønskjer å delta må derfor ta kontakt med kontaktpersonen ved ”eigen” institusjon (sjå under). Kontaktpersonen koordinerer påmeldingar ved den enkelte institusjonen fram til og med fredag 30. august klokka 12, det vil seie for dei som ønskjer å delta/dei som institusjonen ønskjer at deltar. 

Kontaktpersonar:

Frå 1. september skjer påmeldinga til konferansen, så langt plassane rekk, direkte via konferansearrangør Kongress og Kultur AS. Vi nyttar "først til mølla"- prinsippet for påmelding. Det vil seie at når konferansen er fullbooka, vil ein ikkje lenger kunne melde seg på.

Spørsmål om konferansen kan rettast til Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking: forskning@helse-vest.no

Illustrasjonsbilde med teksten Forskningskonferansen. Grafikk.

Når og kvar

Dato
24.10.2019-25.10.2019 
Klokkeslett
16:00-12:15
Stad
Solstrand Hotel & Bad i Os, like utenfor Bergen
 
Kontaktinformasjon
Spørsmål om konferansen kan rettast til Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking.
 
Meir informasjon
forskning@helse-vest.no  
Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.