Forskingskonferansen 2022

Den årlege forskingskonferansen i Helse Vest blir arrangert i november 2022. Kunstig intelligens og handlingsplan for kliniske studier er tema i år. Forskingsprisen, innovasjonsprisen og pris til ung forskar blir delte ut på konferansen.

Banner til Forskingskonferansen, personer som ser på skjerm. Grafikk/foto.
 

Målgruppe

Målgruppa for konferansen er blant anna styremedlemmar, leiarar og forskarar, og dei involverte institusjonane er blitt bedne om å sørgje for at invitasjonen når dei aktuelle gruppene.

Program dag 1

Samarbeid rundt kliniske behandlingsstudium i Helse Vest


Møteleder: Bjørn Egil Vikse, (påtroppende) fagdirektør i Helse Vest

  • 16.00 – 17.00 Registrering og kaffi
  • 17.00 – 17.10 Kunstnerisk innslag
  • 17.10 – 17.30 Opning av konferansen
    Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF
  • 17.30 – 18.00 Status for oppfølgjing av nasjonal handlingsplan for kliniske studium
    Marianne van der Wel, seniorrådgivar Helse- og omsorgsdepartementet
  • 18.05 – 19.00 Paneldebatt: Samarbeid rundt kliniske behandlingsstudium i Helse Vest
  • 19.30 Middag m/utdeling av Helse Vests forskningspris, innovasjonspris og pris til ung forskar

Program dag 2

Kunstig intelligens innanfor medisin-fokus på samarbeid

Møteleder: Gro Anita Fonnes Flaten, prorektor for forskning ved HVL

  • 08.30 – 09.30 Presentasjon av vinnaren av forskingsprisen, innovasjonsprisen og pris til ung forskar i Helse Vest  2021
    Dei tre vinnarane
  • 09.30 – 09.45 Pause
  • 09.45 –10.05 Samarbeid med helsenæringa
    Kjersti Engan, professor Universitetet i Stavanger
  • 10.05 – 10.25 Kunstig intelligens i klinisk kreftoppfølging  
    Ingfrid S. Haldorsen, professor v/Universitetet i Bergen, seksjonsleiar ved Haukeland universitetssjukehus
  • 10.25 – 10.45 Endring i teneste: Digital patologi og kunstig intelligens
    Emiel Janssen, professor Universitetet i Stavanger og Sabine Leh, førsteamanuensis UIB, overlege v/Haukeland universitetsjukehus
  • 10.45 - 11.15 Pause og utsjekking
  • 11.15 – 11.35 Ressursplanlegging i sjukehuset med kunstig intelligens
    Erlend Hodneland, rådgivar FOU, Haukeland universitetssjukehus
  • 11.35 - 11.55 Samarbeid med helsenæringa om utvikling og bruk av digitale helsetenester
    Tine Nordgreen, ph.d., psykologspesialist ved Forskningssenter for digitale psykiske helsetjenester (SFI)
  • 11.55 - 12.15 Diskusjon i plenum
  • 12.15 - 12.30 Oppsummering og avslutning
    Bjørn Egil Vikse, (påtroppande) fagdirektør i Helse Vest RHF
  • 12.30 Lunsj

Det kan komme endringar i programmet heilt fram til konferansen startar.

Påmelding

Det er sett eit øvre tak på makismalt 100 deltakarar. Kostnadane til overnatting og mat blir dekt av Helse Vest RHF. Kvar enkelt institusjon dekkjer reisekostnadar for sine deltakarar. Samarbeidsorganet har vedteke at ein del av plassane på konferansen skal tildelast dei deltakande institusjonane.

Dei som ønskjer å delta må derfor ta kontakt med kontaktpersonen ved "eigen" institusjon (sjå under). Kontaktpersonen koordinerer påmeldingar ved den enkelte institusjonen fram til og med onsdag 31. august klokka 12, det vil seie for dei som institusjonen ønskjer skal delta.

Kontaktpersonar

Frå september skjer påmeldinga til konferansen, så langt plassane rekk, direkte via konferansearrangør Kongress og Kultur AS. Vi nyttar "først til mølla"- prinsippet for påmelding. Det vil seie at når konferansen er fullbooka, vil du ikkje lenger kunne melde deg på.

Spørsmål om konferansen kan rettast til Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking: forskning@helse-vest.no

Korona

Vi tek atterhald om koronasituasjonen og vil leggje ut informasjon på denne sida dersom konferansen ikkje kan gjennomførast som planlagt.

Fann du det du leitte etter?