Forskningskonferansen 2016

Konferanse, 27.10.2016-28.10.2016

Årets konferanse blir arrangert på Solstrand Hotel & Bad i Os utanfor Bergen, torsdag 27. og fredag 28. oktober. Det er opent for påmelding fram til 4. oktober 2016.

Det er det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest RHF, Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger som arrangerer den årlege forskingskonferansen. Konferansen startar kl. 16.00 torsdag 27. oktober og blir avslutta med lunsj fredag 28. oktober.

Sjå programmet


Målgruppa for konferansen er blant anna styremedlem, leiarar og forskarar, og dei involverte institusjonane er blitt bedne om å sørgje for at invitasjonen når dei aktuelle gruppene. Det er sett eit øvre tak på makismalt 100 deltakarar. Kostnadene til overnatting og mat blir dekt av Helse Vest RHF. Kvart enkelt institusjon dekkjer reisekostnader for sine deltakarar.

Frå 31. august skjer påmeldinga til konferansen, så langt plassane rekk, direkte via konferansearrangør Kongress og Kultur AS.

Påmeldingsfrist er fredag 4. oktober 2016. Vi nyttar "først til mølla"- prinsippet for påmelding. Det vil seie at når konferansen er fullbooka, vil ein ikkje lenger kunne melde seg på. Ta eventuelt kontakt med konferansearrangøren.

Spørsmål om konferansen kan rettast til Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking

Påmeldinga er fullteikna. Meld deg her dersom du vil stå på venteliste

Når og kvar

Dato
27.10.2016-28.10.2016 
Klokkeslett
16:00-13:00 
Stad
Solstrand Hotel og Bad utanfor Bergen