Helseforetakas kommunikasjonskonferanse 2019

Konferanse, 29.08.2019-30.08.2019

Velkommen til helseføretakas kommunikasjonskonferanse 2019 som i år blir arrangert i Bergen. Tema for årets konferanse er "Kommunikasjon i endring".

I år skal vi til Bergen, for alle kjent som Noregs vakraste by. Helse Vest RHF er vertskap og vi gler oss stort til å ta imot dykk. Vi har laga eit rikt program med mange innfallsvinklar til temaet kommunikasjon i endring.
Om kvelden lover vi mat og fest på vestlandsk vis.
Velkommen til Bergen i august!

Når og kvar

Dato
29.08.2019-30.08.2019 
Klokkeslett
Stad
Scandic Ørnen, Bergen
 
Arrangør
Kommunikasjonsavdelingane i Helse Vest 
Kontaktinformasjon
 
bryggen i bergen.foto.

Program

Torsdag 29. august

09.00 Registrering

09.30 Velkommen

09.45 Dei fire viktigaste dagane i livet
Frå Bergen har Gerd Kvale og Bjarne Hansen revolusjonert angst- og tvangsbehandling internasjonalt. Korleis fann dei ut at 4 dagar er alt som skal til for å bli fri frå seg sjølv, og korleis fortalte dei verda om det?

Pause

11.00 Kommunikasjon når sjukehuset er i endring - korleis kommunisere strategisk og operativet for å sikre at organisasjonen har nødvendig drivkraft i endringsprosessar?

Anne Kristine Bergem, førstelektor ved Oslo Met
Anniken Haugen Jebsen, dagleg leiar og partnar i Zynk
Terje Ulvedal, kommunikasjonssjef i Helse Førde
Bodhild Andvik, ass. avdelingsleiar ved hjerte/lunge, Haraldsplass Diakonale sjukehus

13.00 Lunsj

14.00 Erfaringsutveksling på speed
Presentasjonar presentert kort og konsist. Kommunikasjonsprosjekt som gjekk heilt til himmels eller rett i dass.

Meir informasjon om deltaking og førebuing til denne sesjonen kjem.

16.00 Musikalsk overrasking

17.00 Programslutt

Torsdag kl. 19.00: Vi går på fest!

Bergenfest i Snekkerbrakken, Bergenhus Festning
Om kvelden skal vi vere på historisk grunn – eit kvarters spasertur frå hotellet. 
Vi byr på minglemat og mingling og ein sjukeplaiar som goes DJ.
Vi lover høg stemning i lokala der Rihanna, Springsteen og Coldplay har
lada opp til sine konserter i Bergen

Vi lover nydeleg fingermat og uformell – men høg stemning.

Snekkerbrakken

Fredag 30. august

09.00–10.30 Openheit om eigne feil - komplisert verksemdscene for open scene
Helga Arianson, Hordalands erfarne fylkeslege kjem til oss. 
Stener Kvinnsland, Styreleiar i Helse Stavanger, kreftlege og tidlegare adminstrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus kjem og.

Pause

10.45 Ring 1-1-3 om du vil på TV
NRK sitt dokudrama «113» vann folkets hjarte og Gullruten. «Ambulansen» på FEM er filma med GoPro på ambulanseuniformen. Openheit på sitt beste, eller etiske overtramp på sitt verste? Kommunikasjonsdirektør ved UNN Hilde Annie Pettersen møter etikkprofessor Reidun Førde og avdelingssjef i Akuttmedisinsk avdeling i Helse Bergen Øyvind Østerås.

Pause

12.00 Parallellsesjonar

ENTEN:

Heidi Thorkildson Ryste: Krisekommunikasjon i sosiale medier
Heidi er tidligare journalist som har skreve masteroppgåva «SoMe – so what?» .Ryste studerte ei rekkje norske kommunar som dei siste åra har måtta handtere kriser som storbrann og flaum.
Under Samfunnssikkerhetskonferansen 2019 blei ho tildelt SEROS-prisen for årets beste masteroppgåve innanfor samfunnstryggleik.

OG
 
Thomas Ergo: Openheit i grenseland
I mai 2019 leverte Åpenhetsutvalget sin NOU "Åpenhet i grenseland" som no er til høyring. Utvalet har vurdert problemstillingar knytt til ytringsfridom, pressefridom og personvern i samband med film/foto/lyd i mellom anna helse- og omsorgstenesta. Den prisvinnande journalisten Thomas Ergo var medlem av utvalet og kjem til oss for å gi eit innblikk i diskusjonane bak, med særleg fokus på spesialisthelsetenesta. Ergo er for dei fleste kjent for den omfattande reportasjen om "Glassjenta". Han lang erfaring som gravejournalist og har vist særleg interesse for tema som psykisk helse, rettstryggleik og menneskerettar. For å få utbytte av denne seansen er det tilrådd å gjere seg kjent med NOU-en "Åpenhet i grenseland", særleg forslag til rettleiar i kapittel 18.

ELLER:

Crashkurs i infografikk
Lei tekst og bilde med mobilen?
Marius Fimland fra Helse Vest IKT gir deg en innføring i infografikk.
Lær deg å visualisere tall og statistikk – og andre tørre fakta.
 
13.30 Lunsj og vel heim

Praktisk informasjon

Overnatting/hotellet

Du overnattar på konferansehotellet Scandic Ørnen. Ønsker du å komme dagen før, kan du bestille rom direkte hos Scandic Ørnen. Dei har fått oversikt over alle som har meldt seg på. Da kan du også be om å få same rommet gjennom heile opphaldet.

ornen@scandichotels.com

Hotellet ligg sentralt i Bergen sentrum. Sjå hotellet på kartet.

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.