Kvalitets- og registerkonferansen 2021

Helse Vest arrangerer i år ein digital Kvalitets- og registerkonferanse. Dette er ein viktig møteplass for alle dei som arbeider med pasienttryggleik og all kvalitetsforbetring i Helse Vest.

Grafikk til Kvalitetskonferansen.

Påmelding til konferansen

Konferansen er open for tilsette i dei ulike helseføretaka i Helse Vest, og i sjukehus/institusjonar som vi har avtale med. Personar utanfor Helse Vest, er også velkomne til å melde seg på.

Konferansen er heildigital. Konferansen er gratis.

Meld deg på konferansen

Dersom du ikkje kjem inn på påmeldingssida første gongen, prøv ein annan nettlesar.

Du vil få ei bekrefting på at du er meldt på til konferansen. Få dagar før konferansen startar, vil du få ei lenkje sendt til den e-postadressa du sjølv oppga då du meldte deg på.

Petter Schjerven er konferansier og her er nokre av dei du får møte:

Kvalitets- og registerkonferansen 2021 from Melvær&Co on Vimeo.


Program dag 1

Start dag 1: 08:30

Velkommen!

v/Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør, Helse Vest RHF

DEN KOMPETENTE PASIENTEN

Når pasienterfaringer blir jobb
v/Solveig Bartun Rob, erfaringskonsulent, Kronstad DPS, Helse Bergen

PROMs og PREMs og PRIMSs i det nye nasjonale rusregisteret, KvaRus
v/Sverre Nesvåg, professor og forskingsleiar, KORFOR, Helse Stavanger / Universitetet i Stavanger

Pasientrapporterte data i Hoftebruddregisteret endrar praksis
v/Torbjørn Berge Kristensen, overlege Ortopedisk avdeling, Helse Bergen

Innhenting av PREM i Helse Bergen
v/Pål Frønsdal og Inger Elise Engelund, rådgivarar ved Fagsenter for pasientrapporterte data, Helse Bergen

Pause

TRYGGLEIKSKULTUR

Safety II – kva så?
v/ Elisabeth Farbu, klinikksjef Hode- hals og rehabilitering, Helse Stavanger

Kva skjer med pasienttryggleiken ved "krise"?
v/Petter Thornam, viseadministrereande direktør/fagdirektør, Haraldsplass Diakonale Sykehus

TALK-debrief
v/Raymond Madsen, klinisk sosionom/familieterapeut - Gauselskogen, avdeling rus og avhengighetsavdeling og Frode Bremseth, psykiatrisk sjukepleiar, Avdeling akutt og intensiv psykiatri, Helse Stavanger

Pause

FRÅ DATA TIL FORBETRING

Korleis bruke data når det ikkje finst register?
v/ Knut Harboe, avdelingssjef/-overlege Ortopedisk avdeling og Even Flørenæs, rådgivar Analyseavdelinga, Helse Stavanger

Betre pasientforløp for den ortopediske lavstatus-pasienten
v/ Jonas Meling Fevang, avdelingsoverlege, Ortopedisk avdeling, Helse Bergen

Varetaking av personvern ved forbetringsprosjekt
v/Christer Kleppe, personvernombod, Helse Bergen

Slutt dag 1: kl. 12:00

Merk at det kan kome endringar i programmet

Program dag 2

Start dag 2: kl. 08:30

TEAM

Når det er fullt i herberget. Plan for høg aktivitet (PHA) ved Stavanger universitetssjukehus
v/ Bente Rossavik, fagsjef Kirurgisk klinikk og Else Ørstavik Hollund, fagsjef Mottaksklinikken, Helse Stavanger

Kvalitet gjennom tverrfagleg samarbeid
v/Christina Mæland, kvalitetskoordinator, Medisinsk mikrobiologi og Gunn Sjurseike Dale, avdelingssjef, Medisinsk Biokjemi, Helse Stavanger

Arbeidsprosessar – På veg mot nytt sjukehus
v/Kari Jøssang, prosjektdirektør, organisasjonsutvikling SUS2023

Pause

LÆRING

Kvifor og korleis bruke simulering til forbetring? Effektar av systematisk simuleringstrening
v/Hege Langli Ersdal, forskingsleiar, Forskingsavdelinga, Helse Stavanger

Tilgang til, og bruk av, helsedata for læring
v/Marta Ebbing, fagdirektør FoU-avdelinga, Helse Bergen

Barn og unges helseteneste - frå idé til utvikling og implementering
v/Ester Marie Espeset, psykologspesialist og prosjektleiar "Barn og unges helseteneste", Helse Fonna.

Pause

Koronakommisjonens rapport og deira påpeiking av forholda i spesialisthelsetenesta
v/Geir Sverre Braut, seniorrådgivar / professorm, Helse Stavanger

Kvalitetsprisen
Prisutdeling og innlegg ved vinnaren av kvalitetsprisen 2021

Avslutning av konferansen

Slutt dag 2: kl. 12:00

Merk at det kan kome endringar i programmet

 

Meir informasjon

Konferansen blir fulldigital og vil vere to halve dagar, frå morgon til lunsj.

All praktisk informasjon finn du på denne sida.

Dei store spørsmåla er:

  • Kven får Kvalitetsprisen for 2021?

  • Kven vinn posterkonkurransen?

 

Generelt om Kvalitets- og registerkonferansen

Fann du det du leitte etter?