Miljø- og klimakonferansen i spesialisthelsetenesta

Konferanse, 30.03.2020-31.03.2020

Kva betyr klimaendringane for spesialisthelsetenesta? Og korleis kan sjukehus bidra til å redusere utslepp? Er du også nysgjerrig på korleis sjukehus arbeider med samfunnsansvar?

Då bør du melde deg på årets nasjonale Miljø- og klimakonferanse 30.-31. mars på Radisson Blu hotell Gardermoen. Konferansen blir arrangert av Helse Sør-Øst, Sykehusinnkjøp og Sykehusbygg.

Førebels program med påmelding

Tid

  • mandag 30. mars kl 11:30 (lunsj og innsjekking)
  • tirsdag 31. mars kl 13:00 (lunsj og utsjekking)

Målgruppe

Leiarar og medarbeidarar i sjukehus som har arbeidsoppgåver relatert til miljø/klima og samfunnsansvar.

Prisar og betaling

Deltakarane bestiller og betaler reise og opphald sjølv. Konferansen har inga deltageravgift og er inkludert middag måndag kveld. Konferansen blir arrangert på Radisson Blu Gardermoen. Overnatting kan bestillast direkte til hotellet via denne lenka. Ved bestilling over telefon 63 93 30 00, bruk koden: SKYE.

Påmeldingsfrist 2. mars 2020.

Vi sest!

Når og kvar

Dato
30.03.2020-31.03.2020 
Klokkeslett
11:30-13:00
Stad
Radisson Blu Gardermoen
 
Fann du det du leitte etter?