Utdanningskonferansen 2021

Set av datoen! Den årlege Utdanningskonferansen i Helse Vest blir arrangert i månadsskiftet november/desember 2021. Vi deler ut utdanningsprisen på konferansen.

Grafikk og bilder til emblem Utdanningskonferansen 

Målgrupper

Leiarar og medarbeidarar i helseføretaka (Stavanger, Fonna, Bergen, Førde og HDS) og utdanningsinstitusjonane (UiS, UiB, HVL og VID) som har ansvar for utdanning, klinisk undervisning og praksis for studentar.

Program dag 1

  • Emosjon og læring – Korleis skape tryggleik og forutsigbarheit?
  • Korleis lærer vi best i skjæringspunktet mellom det teoretiske og det kliniske?

Konferansen startar med registrering/kaffe kl.15 og fagleg program frå kl.16. Det er middag om kvelden med utdeling av Helse Vest sin utdanningspris.

Program dag 2

  • Pandemisituasjonen har ført til auka bruk av teknologi, digitalisering og innovative løysningar i læringssituasjoner. Kva står på spel?
  • Simulering- og ferdighetstrening. I kva grad kan og bør simulering overta for klinisk praksis?

Konferansen blir avslutta med lunsj kl.13.

Fleire detaljar kjem når det nærmar seg.

Påmelding – informasjon

Det er sett eit øvre tak på makismalt 100 deltakarar. Kostnadane til overnatting og mat blir dekt av Helse Vest RHF. Kvar enkelt institusjon dekkjer reisekostnadar for sine deltakarar.

Denne sida blir oppdatert når det nærmar seg.

Utdanningsprisen

Les meir om korleis du kan nominere kandidatar til Utdanningsprisen 2021

Fann du det du leitte etter?