
Tema
Korleis lærer vi best i skjæringspunktet mellom det teoretiske og det kliniske?
Pandemisituasjonen har ført til auka bruk av teknologi, digitalisering og innovative løysningar i læringssituasjoner. Kva tar vi med oss vidare?
Simulering- og ferdighetstrening. I kva grad kan og bør simulering overta for klinisk praksis?
Vi i Helse Vest er opptekne av den svært viktige rolla utdanning speler for helseføretaka. Utdanning bidreg til at vi sikrar helsetenester med god kvalitet i framtida og vi ønskjer å fremje det faglege nivået på utdanning av personell som skal arbeide i helsetenesta i regionen.
Start og slutt
Konferansen startar med registrering/kaffi klokka 15:00 og fagleg program frå klokka 16:00 mandag. Det er middag om kvelden med utdeling av Helse Vest sin utdanningspris. Konferansen blir avslutta med lunsj klokka 13:00 tysdag.
Målgruppe
Leiarar og medarbeidarar i helseføretaka
Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Bergen, Helse Førde, tillegg til Haraldsplass Diakonale Sykehus.
Utdanningsinstitusjonane
Universitetet i Stavanger, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, VID vitenskapelige høgskole, som har ansvar for utdanning, klinisk undervisning og praksis for studentar.
Målet er at konferansen skal bidra med fagleg påfyll i tillegg til å byggje nettverk på tvers av profesjon, fag og organisasjon.
Utdanningsprisen
Statuttar for prisen
Nominasjonar til utdanningsprisen kan sendast til sekretariatet for samarbeidsorganet (asta.optun@helse-bergen.no) innan 20. september 2022.
Prisen kan givast til grupper, team og klinikkar som ved ulike initiativ/tiltak har gjennomført ein betydningsfull innsats for utdanning i verksemdene i føretaksgruppa i Helse Vest.
Prisen er open for utdanningstiltak retta mot alle grupper, som studentar i grunnutdanning, spesialistutdanning, praksistiltak, opplæring og vidareutvikling av medarbeidarar, i tillegg til etter- og videreutdanningar.
Program og påmelding
Pris på konferansen
Konferansen er gratis for deltakarane, men kvar enkelt må dekkje reise og eventuell overnatting sjølv.