Vestavindkonferansen – digital konferanse

Vestavindkonferansen er ein konferanse for alle som jobbar med, og bidreg til, endring knytt til digitalisering i Helse Vest. Temaet for konferansen i år er RASKARE ENDRINGAR.

Kompass i mørk og lys blå farge. Grafikk.

Målgruppe

Målgruppene for konferansen er mellom anna Direktørmøtet, Porteføljestyret, Teknologirådet, leiarar, ulike miljø som jobbar med (og bidreg til) endring og digitalisering i Helse Vest.

Program dag 1

  • Kvifor må vi endre oss raskare?
  • Hva gjer organisasjonar for å endre seg raskare?
  • Kva inneber høgare endringstakt for ulike perspektiv?
  • Korleis kan produktorientering vere eit verkemiddel for raskare og betre endringar?
  • Kvifor er digital plattform eit virkemiddel for høgare endringstakt og betre brukaropplevingar?

Program dag 2

  • Start smart for betre teamarbeid 
  • Google Design Sprint som verktøy
  • Smidig endringsarbeid
  • ADKAR – rammeverk for endringsleiing
  • Erfaringar og læringspunkt frå endrings- og vinstarbeid

Meir informasjon

Vestavindkonferansen er ein konferanse i Helse Vest for alle som jobbar med, og bidreg til, endring knytt til digitalisering i Helse Vest.

Kom med innspel

Det er mange små og store endringsprosjekt på gang, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Vi ønskjer å fremje suksesshistorier frå sektoren i form av små videoinnslag under konferansen. Kjenner du nokon som fortener å bli sett og høyrt?

Ta kontakt med Tanja R. Birkenfeldt

Snart klart for påmelding

Det er snart klart for påmelding. Då kan det vere lurt å melde seg på tidleg for å sikre seg plass.

Håper vi sest!

Fann du det du leitte etter?