LHL-klinikkene Bergen

LHL-Klinikkene Bergen ligg på Nesttun i Bergen kommune. Klinikken har eit døgntilbod til pasientar med hjartesjukdommar, i tillegg til både dag- og døgntilbod innanfor ordninga «raskare tilbake».

 


Hovudin​nhaldet i tilbodet ved LHL-Klinikkene Bergen

Mål for rehabiliteringa:​​

Oppretthalde eller betre fysisk og psykisk funksjonsnivå, gi ei oppleving av auka livskvalitet, tryggleik og meistring av sjukdom, skad​e og livssituasjon, varig livsstilsendring der det er helsemessig nødvendig.

Tiltak for å nå måla:​​

  • Kartlegging, målformulering, individuelle samtaler og fysisk test for å tilpasse rehabiliteringa best mogleg til den enkelte.
  • Trening og klasseromsundervisning i trening og hjartesjukdom, stressmeistring, kosthald.
  • Dag der pårørande blir invitert til å delta i undervisning og trening.
  • Gruppebasert tilbod med individuelle tilpassingar
  • Individuelle samtalar med sjukepleiar og fysioterapeut, eventuelt også lege og sosionom/attføringskonsulent.
  • Kognitiv terapi som metode, og følgjer dei europeiske retningslinjene for fysisk aktivitet, trening og undervisning. Opplæring i Mindfulness for interesserte.
  • Røykeavvenningskurs
  • Oppfølgingstrening kvar veke på ettermiddagstid i 12 veker etter gjennomført rehabiliteringsopphald.

I tilbodet innanfor ordninga «raskare tilbake» legg ein vekt på:​​

Tilbodet bygger på ein integrert modell for opptrening/rehabilitering og tilbakeføring til arbeidslivet. Tilbodet er arbeidsretta med fokus på arbeidsforholda og arbeidsplassen til pasienten. Hovudfokus er på funksjon framfor diagnose. Pasienten får rettleiing i å formulere mål for opphaldet og hjelp til å finne aktuelle tiltak for å nå målet. Pasienten skal ha ei aktiv rolle i sin eigen rehabiliteringsprosess.

Bistandsbehov

Alle pasientar får enklare hjelp og assistanse ved behov.

Faggrupper​

Tverrfagleg rehabilitering ved LHL-Klinikkene Bergen blir utført av følgjande faggrupper:

  • Legar (spesialist i allmennmedisin, spesialist i kardiologi, spesialist i indremedisin)
  • Psykolog
  • Sjukepleiarar
  • Fysioterapeutar
  • Instruktør
  • Sosionom
  • Ergoterapeut

Kontaktinformasjon

LHL-Klinikkene Bergen

Besøksadresse:
Nesttunveien 92, 5221 Bergen

Postadresse:
Postboks 384, 5853 Nesttun

Tlf: 55 11 41 50
Faks: 55 11 41 60​

E-post: bergen@lhl.no

Heimeside: www.lhl.no/klinikkene/bergen/

Tilvising​​

​Tilvising rehabilitering