LHL-klinikkene Nærland

LHL-klinikkene Nærland ligg på Nærbø i Hå kommune på Jæren. Klinikken tilbyr rehabilitering for pasientar med kreft, sjukleg overvekt, hjartesjukdommar og lungesjukdommar.

 


​LHL-klinikkene Nærland har eit dag- og døgntilbod innanfor ordninga «raskare tilbake» og eit døgntilbod til følgjande diagnosegrupper:

  • Kreft
  • Sjukleg overvekt - eigne tilvisingsrutinar (lag side)
  • Hjartesjukdommar
  • Lungesjukdommar

​​​Hovudinnhaldet i tilbodet på Nærland

Mål for rehabiliteringa​

  • Auke meistring av livet etter sjukdom, eller å leve med langvarig sjukdom og eventuelle følgetilstandar. Auka innsikt og kjennskap til eigen helse, større motivasjon, auka arbeidsevne og livskvalitet. Legge til rette for varig livsstilsendring. Betre det fysiske aktivitetsnivået, bevare og betre funksjon i dagleglivet, fysisk, psykisk og sosialt. Innarbeide rutinar for fysisk aktivitet og regelmessige måltid.
  • For hjartepasientar: redusere risiko for ny sjukdom.
  • For lungepasientar: bremse progresjon og forverring av sjukdommen.
  • For overvektspasientar: Legge til rette for vektreduksjon. Forberede pasientar som er klarert for fedmeoperasjon, på operasjonen og tida etterpå.

Tiltak for å nå måla​

  • Kognitiv tilnærming og oppmerksomhetstrening (Mindfulness)
  • Kartlegging, målformulering, individuelle samtalar og fysisk test for å tilpasse rehabiliteringa best mogleg til den enkelte.
  • Individuelle samtalar med sjukepleiar og fysioterapeut, eventuelt også med lege, ergoterapeut/ jobbrådgivar og ernæringsfysiolog.
  • Gruppebasert tilbod med individuelle tilpassingar
  • Røykavvenningskurs

​​​I tilbodet innanfor ordninga «raskare tilbake» legg ein vekt på:

  • Tilbodet byggjer på ein integrert modell for opptrening/rehabilitering og tilbakeføring til arbeidslivet.
  • Tilbodet er arbeidsretta med fokus på arbeidsforholda og arbeidsplassen til pasienten.
  • Hovudfokus er på funksjon framfor diagnose.
  • Pasienten får rettleiing i å formulere mål for opphaldet og hjelp til å finne aktuelle tiltak for å nå målet.
  • Pasienten skal ha ei aktiv rolle i sin eigen rehabiliteringsprosess.

Bistandsbehov

​Alle pasientar ved LHL-Klinikkene Nærland får enklare hjelp og assistanse ved behov. I tillegg kan om lag 14 prosent av plassane ved senteret ta imot pasi​entar med behov for døgnkontinuerleg assistanse og tilrettelegging i samband med til dømes personleg stell, påkledning, forflytting og måltid. Bistandsbehova kan også skyldast lettare kognitive vanskar.

Faggrupper

Tverrfagleg rehabilitering ved LHL-Klinikkene Nærland blir utført av følgjande faggrupper:

  • Legar (allmennlege i spesialisering, spesialist i lungemedisin, spesialist i indremedisin)
  • Sjukepleiarar
  • Fysioterapeutar
  • Ernæringsfysiolog
  • Ergoterapeut
  • Psykolog
  • Aktivitør

Kontaktinformasjon

LHL-Klinikkene Nærland

Besøksadresse:
Nærlandsparken
Grenseveien 12
4365 Nærbø

Postadresse:
Same som over

Tlf: 51 79 82 70
Faks: 51 79 82 71

E-post: narland.post@nhl-no

Heimeside: https://www.lhl.no/klinikkene/narland/

Tilvising

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.