Hovudinnhaldet i tilbodet:
Mål for rehabiliteringa:
Utvikle individuelle meistringsstrategiar som møter behova pasienten har i kvardagen
Gi den enkelte best moglege føresetnader for å klare seg sjølv i dagleglivet
Tiltak for å nå måla:
- Treninga er basert på Petö-metoden, og tilnærminga er at dette er ein læringsprosess som skjer i eit samspel mellom pasienten og fagpersonen
- Motoriske, kognitive, sosiale og språklege funksjonar blir utvikla samtidig i habiliteringsprosessen
- Pasienten lærer relevante teknikkar som kan brukast for å takle spesifikke kvardagslege utfordringar
- Innhaldet er alderstilpassa
Bistandsbehov
PTØ-Senteret kan ta imot pasientar med behov for assistanse og tilrettelegging i samband med til dømes personleg stell, påkledning, forflytting og måltid. Bistandsbehova kan også skyldast lettare kognitive vanskar. Senteret kan i tillegg ta imot eit avgrensa tal pasientar med særleg store bistandsbehov (Barthel ADL indeks ned til 30).
Faggruppe
Treninga ved PTØ-Senteret blir utført av habiliteringspedagogar som har ein spesialisert, fleirfagleg utdanning med hovudvekt på nevrologi, bevegelseslære og pedagogikk.
Kontaktinformasjon
PTØ-Senteret Stavanger
Gamleveien 5, 3. etg
4018 Stavanger
Tlf: 52 10 99 10
E-post:
kari@ptonorge.no
Heimeside:
www.ptø.no
Tilvising
Tilvising rehabilitering