Ravneberghaugen Rehabiliteringssenter

Ravneberghaugen Rehabiliteringssenter ligg på Hagavik i Os kommune sør for Bergen. Senteret har tilbod for pasientar med kreft, hjartesjukdommar, ortopediske tilstandar, revmatologiske sjukdommar, kroniske muskel- og blautdelssmerter og brotskadar, amputasjonar eller andre skadar.

 


​​​​Ravneberghaugen har eit dagrehabiliteringstilbod til pasientar med kroniske muskel- og bløtdelssmerter, og eit døgntilbod til følgjande diagnosegrupper:

  • Kreft
  • Hjartesjukdommar
  • Ortopediske tilstander
  • Revmatologiske sjukdommar
  • Kronisk muskel- og bløtdelssmerter
  • Brotskadar, amputasjonar, andre skadar

​​Hovudinnhaldet i tilbodet ved Ravneberghaugen Rehabiliteringssenter

Mål for rehabiliteringa

Bevegelsesglede, auka livsmeistring og sosialt fellesskap. Meistre livet med eller etter sjukdom, med god livskvalitet, og kunne sjå nye moglegheiter for eit aktivt liv. Betre fysisk og psykisk helse. Legge til rette for at pasientar kan oppdage eigne ressursar, og på denne måten sjølv stå i sentrum for nå målet sitt for rehabiliteringsopphaldet.

Tiltak for å nå måla

  • Funksjonsvurdering
  • Individuell rehabiliteringsplan med definerte mål, i samarbeid med pasienten
  • Individuelt tilpassa, tverrfagleg rehabiliteringsprogram
  • Undervisning, samtale, ulike treningsgrupper, bassengtrening, naturopplevingar
  • Allsidig aktivitet, livsstilsendring og kosthaldsrettleiing
    Heilskapleg tilnærming og fokus på førebygging og eigen meistring

Bistandsbehov

​Alle pasientar ved Ravneberghaugen Rehabiliteringssenter får enklare hjelp og assistanse ved behov. I tillegg kan over halvparten av døgnplassane ved senteret ta imot pasientar med behov for døgnkontinuerleg assistanse og tilrettelegging i samband med til dømes personleg stell, påkledning, forflytting og måltid. Bistandsbehova kan også skyldast lettare kognitive vanskar.

Ravneberghaugen kan også ta imot eit avgrensa tal pasientar med revmatologiske sjukdommar som har særleg store bistandsbehov (Barthel ADL indeks ned til 30).

Faggrupper

Tverrfagleg rehabilitering ved Ravneberghaugen Rehabiliteringssenter blir utført av følgjande faggrupper:

  • Lege
  • Sjukepleiar
  • Ergoterapeut
  • Fysioterapeut
  • Psykolog
  • Ernæringsfysiolog

Kontaktinformasjon

Ravneberghaugen Rehabiliteringssenter
Nordstølen 55
5217 Hagavik

Tlf: 56 57 04 00

E-post: post@ravneberghaugen.no

Heimeside: www.ravneberghaugen.no​​

Tilvising

​Tilvising rehabilitering

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.