Rehabilitering Vest

Rehabilitering Vest ligg i Haugesund, nært Haugesund sjukehus og samlokalisert med Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus. I Rehabilitering Vest er det tilbod innanfor kroniske muskel- og blautdelssmerter, revmatologiske sjukdommar, ortopediske tilstandar og brotskadar, amputasjonar og andre brotskadar.

 

​Rehabilitering Vest har både dag- og døgnrehabiliteringstilbod til følgjande diagnosegruppene:

  • Kroniske muskel- og blautdelssmerter
  • Revmatologiske sjukdommar
  • Ortopediske tilstander
  • Brotskadar, amputasjonar og andre brotskadar

​​​Hovudinnhaldet i tilbodet ved Rehabilitering Vest:

Mål for rehabiliteringa:​

Auka livskvalitet, deltaking sosialt og i arbeid/skule. Auka bevisstgjering og kunnskap om meistring av eigen livssituasjon.

Fokus på prosessen med å gjere menneske i stand til å auke kontrollen over, og å betre helsa si.

​​Tiltak for å nå måla:

  • Fysisk aktivitet som til dømes trening i sal og varmtvassbasseng, kondisjonstrening og styrketrening, handtrening og turar i friluft.
  • Daglege fysiske treningsøkter gjennom heile rehabiliteringsopphaldet.
  • Tilpassa eigentreningsprogram.
  • Rettleiing og hjelp om arbeidsliv, trygderettar og hjelpemiddel.
  • Rettleiing og tiltak for meistring og tilpassing til dagleglivet, kosthald, arbeidsliv og psykososial meistring.
  • Motiverande samtalar (MI- samtalar) for å stimulere motivasjon, innsats og endringsarbeid.
  • Undervisning og praktisk kosthaldsrettleiing
  • Utarbeiding av behandlingsplan i samråd med pasienten, og eventuelt med tilvisande instans.
  • Individuell rettleiing og informasjon knytt diagnose og situasjon, t.d. innanfor ergonomi, arbeidsliv, meistring mv
  • Kombinasjon av individuell rehabilitering og trening i grupper.
  • Tilbodet blir tilpassa funksjonsnivå til pasienten og blir lagt opp for at pasienten skal nå individuelle mål under rettleiing.

Bistandsbehov

​Alle pasientar ved Rehabilitering Vest får enklare hjelp og assistanse ved behov. I tillegg kan 20 prosent av døgnplassane ved senteret ta imot pasientar med behov for døgnkontinuerleg assistanse og tilrettelegging i samband med til dømes personleg stell, påkledning, forflytting og måltid. Bistandsbehova kan også skuldast lettare kognitive vanskar.

Rehabilitering Vest kan også ta imot eit avgrensa tal pasientar med særleg store bistandsbehov (Barthel ADL indeks ned til 30) for pasientar med revmatologiske sjukdommar.

Faggrupper

Tverrfagleg rehabilitering ved Rehabilitering Vest blir utført av følgjande faggrupper:​

  • Legar (spesialist i indremedisin/endokrinologi)
  • Sjukepleiarar
  • Fysioterapeutar
  • Ergoterapeutar
  • Klinisk ernæringsfysiolog
  • Sosionom
  • Sjukehusprest


 

Kontaktinformasjon

​Rehabilitering Vest
Karmsundgt. 134
Postboks 2175
5504 Haugesund

Tlf: 52 80 50 00

E-post:
post@rehabiliteringvest.no

​Heimeside:
www.rehabiliteringvest.no

Tilvising

Tilvising rehabilitering​