Dersom du ikkje finn svar på det du lurar på, kan du sende inn dine spørsmål her
Generell informasjon
Brev frå Helse Vest RHF datert 03.04 - Aktivitet hos private helseaktørar i forbindelse med cocid-19-epidemien
Informasjon til leverandørar i samband med koronavirusepidemien
Brev frå Helse Vest RHF datert 18.03 - Samarbeid mellom helseføretaka og private helseaktørar
Informasjon til leverandørar i samband med koronavirusepidemienNokre få moment av rein fagleg karakter innan smittevern
- Ha tilgjengeleg hand-desinfeksjon på venterom/fellesareal
- Pasientar som har symptom på luftvegssjukdom skal ikkje møte til poliklinisk behandling
- Pasientar som er i heimekarantene skal heller ikkje møte til poliklinisk behandling
- Pasientar som har tydelege symptom på øvre luftvegssjukdom bør få utdelt munnbind dersom dei likevel møter opp ved institusjonen. Vanlege kirurgiske munnbind er tilstrekkeleg, poenget er at det reduserer faren for å smitte andre i vesentleg grad
- I den grad det er mogleg - erstatt fysisk oppmøte med telefon- eller videokonsultasjon
- Sørg for å planlegge for redusert drift eller stenging, dersom det av ulike årsaker kan bli behov for å ta inn pasientar for å avhjelpe sjukehusa, eller personell blir beordra/omdisponert til sjukehusa
Videokonsultasjon og andre digitale verktøy i kampen mot smittespreiing
Direktoratet for e-helse utarbeider praktiske råd og rettleiing om bruk av videoløysingar, og har under koronaepidemien valt å vere meir konkret i rettleiinga overfor sektoren. Direktoratet gir eksempel på konkrete løysingar for videokonsultasjon, og har også gjort ei spesiell vurdering av Skype for business og Teams, inkludert ei overordna personvernkonsekvensutgreiing. Direktoratet for e-helse vil fortsette å oppdatere oversikta på ehelse.no med aktuelle løysingar for videokonsultasjonar.
Les meir på ehelse.no si side
Private aktørar
Må vi nedskalere drifta i forbindelse med nedstenging av barnehagar/skular/SFO?
Det er ei klar målsetting ved regjeringa sine tiltak å opprettholde naudsynte helse- og omsorgstenester. Det er derfor viktig å merke seg at regjeringa presiserer: «Ledere av barnehager og rektorer ved barneskoler må derfor sørge for et tilbud til barn av personell i helse- og omsorgstjenesten, transportsektoren eller innen andre kritiske samfunnsfunksjoner». Personell hos private leverandørar av helsetenester er i den kategorien som skal få eit tilbod når det gjelder tilgang til barnehage, SFO og skule.
Smittevernråd for spesialisthelsetenesta
Les Folkehelseinstituttet sine råd til helsepersonell i spesialisthelsetenestaI kva grad skal institusjonane halde fram med å ta imot pasientar eller skal drifta skalerast ned?
Kvar institusjon må følgje opp dei pålegg og råd som kjem frå sentrale myndigheiter og setje i verk nødvendige tiltak, med utgangspunkt i ansvaret kvar institusjon har for å vurdere fagleg forsvarlegheit. Innanfor denne ramma har Helse Vest følgjande råd:
- Så langt det er mogleg skal institusjonane oppretthalde drifta gjennom bruk av digitale verktøy, t.d. i form av sikker videokonferanseløysing.
- Der digitale løysingar ikkje er eit alternativ, bør institusjonane redusere den planlagde aktiviteten sin (særleg gruppetilbod).
- Institusjonane bør oppretthalde, og eventuelt auke, den aktiviteten som avlastar sjukehusa, dvs. prioritere mottak av pasientar overført frå sjukehus.
Korleis vil Helse Vest RHF handtere betaling til private avtalepartar dersom aktiviteten blir redusert på grunn av epidemien?
For leverandører som ihht. kontrakt mottar a konto innbetalingar kvar månad med årleg avrekning (særlig aktuelt innanfor TSB og rehabilitering) vil Helse Vest RHF fortsatt utbetale månadleg beløp ihht. kontrakt.
For avtaler innanfor arbeidsretta behandling blir ordninga med etterskotsvis fakturering av reell aktivitet oppheva. For å sikre tilstrekkeleg likviditet i institusjonane kan leverandørane frå og med mars månad sende ein månadleg faktura for 1/12 av den avtalte årlege ramma.
Det vil bli ein gjennomgang av fakturert og reell aktivitet etter utgangen av kalenderåret. Kva betyding epidemien vil ha for den enkelte avtalepart vil mellom anna avhenge av korleis situasjonen no utviklar seg. Reell aktivitet skal framleis rapporterast til NPR.
Smittevernutstyr, smittevernrettleiing og test av personell
1) Er det høve for dei private leverandørane å bli inkludert i dei lokale helseføretaka sine innkjøp, koordinering og fordeling av smittevernutstyr?
2) Har dei lokale helseføretaka ansvar for å drive rettleiing i høve til smittevern hos dei private helseaktørane?
3) Kan tilsette hos dei private helseaktørane bli testa for koronavirus hos det lokale helseføretaket på linje med deira eigne tilsette?
Vi viser til Helse Vest RHF sitt brev 18. mars til dei private helseaktørane (forutan avtalespesialistane), som det også er lenka til på denne nettsida. Det går fram av brevet at Helse Vest RHF har bedt dei lokale føretaka om å etablere eit så godt samarbeid som råd med dei private helseaktørane i den noverande situasjonen. Vi ber derfor om at desse og liknande spørsmål knytt til smittevern rettast til det lokale helseføretaket.
Samstundes vil vi påpeike at situasjonen er svært krevjande for helseføretaka når det gjelder tilgang på smittevernutstyr. Føretaka har derfor sett seg tvungne til streng rasjonering. Skulle tilgangen på utstyr betre seg gjennom dei tiltaka som er sette i verk nasjonalt eller regionalt vil ein naturlegvis vurdere korleis utstyret også kan komme dei private helseaktørane til gode.
Avtalespesialistar
1. Tillater Helfo at psykiater/legespesialist også kan bruke takst 624a eller 624b samtidig som en bruker takst 621a eller 621b ved terapi/samtale per telefon?
2. Tillater Helfo at psykiater/legespesialist kan bruke takst 624a eller 624b samtidig som en bruker takst 621a eller 621b ved terapi/samtale ved videokonferanse?
Helse Vest har fått følgende informasjon fra Helfo:
1. Det er ikke gjort endringer i regelverket for at takst 624a/b kan brukes i kombinasjon med 621a/b ved telefonkonsultasjon.
2. Det er åpnet for at takst 3 kan brukes ved telefonkonsultasjon og e-konsultasjon i forbindelse med utbrudd av SARS-CoV-2-viruset frem til 1. september 2020, se mer informasjon på helfo.no. Takstene 621a/b og takst 624a/b kan ikke kreves ved videokonferanse.
Handsprit/handdesinfeksjon
Det er tilstrekkeleg for handdesinfeksjon å bruke såpe og vann.
Dersom det ikkje er vask på venterom eller toalett tilknytt venterom, må avtalespesialisten forsøke å finne andre løysingar for handdesinfeksjon på kort sikt.
På lengre sikt, når det er kontroll over forsyningssituasjonen, vil vi ta eit initiativ til eit samarbeid mellom avtalespesialistar og den avdelinga dei samarbeider nærmast med i føretaka. Samarbeidet vil vere knytt til ulike former for nødvendig utstyr for smittevern.
Tilgang til smittevernutstyr
Vi har stor forståing for vanskane med å skaffe smittevernutstyr, inkludert munnbind, og behovet for slikt utstyr, også i avtalepraksis. Dette er samstundes ei betydeleg mangelvare overalt i helsetenesta akkurat no. Helse Vest RHF har sett seg nøydd til å innføre svært streng styring og rasjonering av alt smittevernutstyr, for å sikre at dei mest kritiske og smitteutsatte delane av tenesta (som infeksjonsmedisin, intensiv, testpersonell og ambulansar) har nødvendig tilgang.
Skulle tilgangen på utstyr betre seg vesentleg gjennom nokre av dei nasjonale eller regionale tiltaka som er satt i gang, vil vi naturlegvis også vurdere om og i så fall korleis Helse Vest RHF kan tilby avtalespesialistane utstyr.
Vi ber dykk difor vurdere korleis vanleg munnbind kan skiftast sjeldnare, enn i ordinære driftssituasjonar. Helseføretaka lager no prosedyrar for gjenbruk av visir og briller. Fleire sjukehusapotek har starta produksjon av desinfeksjonsvæske. Vi minner om at varmt vann og såpevask av hender er å føretrekke framfor Antibac. Dersom nokon har eit ekstra lager av smittevernutstyr, oppfordrar vi dykk sterkt til å dele med andre. Vi kan dessverre ikkje gjere anna enn å be dykk tenke kreativt. Vi jobbar intenst med å få inn smittevernutstyr og vil orientere dykk dersom tilgangen blir betre.