Eitt år med pandemi

Eit tilbakeblikk på året frå mars 2020 til mars 2021, i tekst og bilete.

​2020 var eit heilt spesielt år, prega av covid-19. Medarbeidarane i sjukehusa har i heile 2020 og vidare inn i 2021 lagd ned ein enorm innsats for pasientane og for kvarandre. Arbeidet med pandemien har ført til endringar for alle, både for dei som står i direkte møte med pasientar med covid-19 og dei som skal halde tenesta i gang på andre område.

Foto: Katrine Sunde, Haukeland universitetssjukehus.

Eitt år med pandemi

  1. 30. januar 2020

    Verdas helseorganisasjon (WHO) erklærer utbrotet av koronaviruset for ei global folkehelsekrise.

  2. Februar-april 2020

    Kva er eigentleg covid-19 og kva ligg framfor oss? Situasjonen, særleg frå februar til april, var ny og uviss og ein måtte ta høgde for det verste. Arbeidsplanar blei lagde om, pandemiplanar oppdaterte og smittevernrutinar forsterka.

  3. 11. mars 2020

    WHO karakteriserer koronautbrotet som ein pandemi.

    Det mest brukte biletet av eit koronavirus. Foto.
  4. 12. mars 2020

    Helse Vest RHF set gul beredskap, basert på utviklinga av koronautbrotet nasjonalt og internasjonalt. Vi hadde arbeidd med førebuingar sidan dei første meldingane om koronaviruset kom ved nyttår.

    Det var viktig med regional koordinering, særleg knytt til ressursar og utstyr, og no såg vi at vi hadde ein situasjon som måtte handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak. Dette var også viktig for at medarbeidarar og befolkninga skulle kjenne seg trygge på innsatsen som blei gjort for å sikre beredskapsarbeidet.

  5. 12. mars 2020

    Frå mars og framover var det jamlege beredskapsmøte i føretaksgruppa, frå éin til fleire gonger i veka. Desse møta har halde fram gjennom heile året. Helse Vest har jamlege møte med fylkeslegane på Vestlandet.

    Helse Vest RHF hadde heile tida tett og jamleg kontakt med nasjonale myndigheiter og helseføretaka for å sikre at vi kan ivareta pasientar og medarbeidarar på ein god måte. Det er framleis jamlege beredskapsmøte med nasjonalt nivå.

  6. 12. mars 2020

    Gjennom heile året rapporterer vi også dagleg til Helsedirektoratet på talet på pasientar med covid-19, kor mange av desse som til ei kvar tid ligg med respirator, kor mange medarbeidarar som er i karantene m.v.

  7. 13. mars 2020

    Ber næringslivet på Vestlandet om å bidra med utstyr: Eit koronautbrot krev langt meir smittevernutstyr i sjukehusa enn i ein normalsituasjon. På same tid var det vanskeleg å få tak i utstyr. Helse Vest oppfordra næringslivet til å bidra. Det gjorde ein stor og viktig forskjell innleiingsvis i beredskapen for pandemien.

    Viser del av Stavanger universistetssjukehus. Foto.
    Foto: Svein Lunde, Stavanger universitetssjukehus
    Ber næringslivet på Vestlandet om å bidra med utstyr
  8. 17. mars 2020

    For å sikre et god samordning mellom regionane og for å kunne ta raske avgjersler får Helse Sør-Øst RHF eit nasjonalt koordineringsansvar for innkjøp av smittevernutstyr og legemidlar i samband med koronautbrotet.

    Situasjonen er utfordrande, men under kontroll. Ansvaret gjeld også kommunehelsetenesta. Det blir arbeidd med moglegheiter for produksjon av smittevernutstyr i Noreg og det er bestilt ekstra respiratorar og dialyseapparat.

    Nasjonal koordinering av smittevernutstyr
  9. 18. mars 2020

    Psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) måtte følgje dei same grunnleggjande smitteverntiltaka som andre fagområde. Fysiske møte skulle reduserast til det minimale.

    Pasientar som var i akutt og heilt nødvendig behov av helsehjelp blei prioriterte framfor pasientar som har ein mindre alvorleg tilstand. Vurderingar knytte til prioritering var og er krevjande, men helsepersonell bidrog til dette arbeidet med kunnskap og erfaring. Det ble også brukt digitale verktøy for å oppretthalde normal drift så langt det var mogleg.

    Tilbodet til pasientar innanfor psykisk helsevern og rusbehandling
  10. 22. mars 2020

    Arbeidet med å skaffe smittevernutstyr blei belønna då det første chartra flyet landa på Gardermoen med smittevernutstyr. Det blei arbeidd døgnet rundt for å skaffe nødvendig utstyr til sjukehus og kommunar i heile landet. Arbeidet skjedde i eit godt samarbeid mellom Helse Sør-Øst RHF på vegner av dei regionale helseføretaka, Sykehusinnkjøp, Utenriksdepartementet, Avinor og to spedisjonsfirma.

    Forsendelse med smittevernutstyr til Norge (Helse Sør-Øst)
  11. 22. mars 2020

    Felles dugnad og strenge tiltak i befolkninga hadde effekt også på talet på sjukehusinnleggingar gjennom året. Fram til 20. mars vaks det akkumulerte talet på sjukehusinnleggingar med cirka 36 prosent kvar dag. Det var ei dobling omtrent annankvar dag og svarte til det veldig mange andre land i vesten opplevde på same tida. Men tiltaka verka  og i slutten av mars flata kurva meir ut.

  12. 25. mars 2020

    I føretaksmøte 25. mars fekk dei regionale helseføretaka i oppdrag å leggje konkrete planar for å møte behovet for ein auke av intensivkapasiteten.

    Sjukehusa førebur fleire intensivplassar
  13. 25. mars 2020

    I mars 2020 hadde felles nettløysing for spesialisthelsetenesta, nettsidene til mellom anna sjukehusa landet over, samla over 7,2 millionar sidevisingar. Dette var nær dobbelt så mange som i månaden før og bekrefta at desse sidene var ei viktig kjelde for ulik informasjon.

  14. 31. mars 2020

    Norsk pandemiregister blei oppretta i slutten av mars, som ein del av Norsk intensiv- og pandemiregister i Helse Bergen. Registeret er eit viktig verktøy for oversikt over alle sjukehusinnleggingar som følgje av korona, daglege oppdateringar og analysar, og i framtidig forsking.

    Koronagrafikk
  15. 31. mars 2020

    Sjukehusa i Helse Vest har heile tida følgt anbefalingane frå Helsedirektoratet og FHI, og planlegg kapasiteten i sjukehusa i tråd med scenarioa til FHI. Analysemiljøa i regionen har bidrege med godt kunnskapsgrunnlag, både regionalt og nasjonalt gjennom året.

  16. 1. april 2020

    Frå april kom leveransane inn i eit meir fast system nasjonalt og regionalt og det blei fekk etablert god logistikk for smittevernutstyr.

  17. 16. april 2020

    Kraftig auke i talet på intensivplassar: Sjukehusa i Helse Vest hadde planen klar for å kunne handtere ein kraftig auke i behovet for intensivplassar knytte til koronapandemien. Målet til føretaka er å auke intensivkapasiteten frå 57 til 294 plassar.

    To pleiere med munnbind. De spriter hendene. Foto.
    Foto: Katrine Sunde, Helse Bergen
    Kraftig auke i talet på intensivplassar
  18. 17. april 2020

    I føretaksmøtet 17. april fekk dei regionale helseføretaka ei rekkje oppdrag, mellom anna å halde fram arbeidet med å planleggje og førebu for eit høgt tal av intensivpasientar, starte opptrapping til meir normal drift i helseføretaka, styrkje samarbeidet med kommunane, ta i bruk digital heimeoppfølging og nettbasert behandling der det er mogeleg – og å auke testkapasiteten til 100 000 analysar i veka nasjonalt.

  19. 17. april 2020

    Beredskapsnivået blei endra frå gult til grønt.

  20. 17. april 2020

    Det skjedde ei gradvis opptrapping av planlagd aktivitet. Sjukehusa på Vestlandet trappa opp den planlagde aktiviteten etter at dei har måtte setje ei rekkje sjukehusavtalar på vent vekene før, for å handtere koronapandemien. Når sjukehusa ville vere tilbake i normal drift ville framleis avhenge av utviklinga av pandemien i befolkninga.

    Helsepersonell, kvinneleg. Illustrasjonsfoto.
    Foto: Kjetil Alsvik
    Gradvis opptrapping av planlagd aktivitet
  21. 23. april 2020

    Helse Vest meldte at dei største byggjeprosjekta gjekk som planlagt og ville truleg halde framdriftsplanane sine, trass i koronapandemien. Pandemien kravde tilpassingar, men framdrifta blei i liten grad påverka i 2020.

    Byggjeplass, nye Stavanger universitetssjukehus. Foto
    Foto: Ingveig Tveranger
    God framdrift i byggjeprosjekta i regionen
  22. 24. april 2020

    I mars/april etablerte vi raskt eit regionalt smittevernlager i Helse Vest. Eitt av mange store lass av utstyr kom til lageret Bergen i form av 150 pallar med mellom anna smittedressar, vernebriller, hanskar og masker. Utstyret blei sendt vidare til sjukehus og kommunar over heile Vestlandet.

    Mannsperson som køyrer truck med smittevernutstyr. Foto.
    Foto: Thomas Martin Abrahamsen
    Stor last med smittevernutstyr
  23. 8. mai 2020

    I føretaksmøtet 8. mai fekk Helse Vest oppdraget å etablere eit nasjonalt beredskapslager for legemiddel på nivå 2 for primær- og spesialisthelsetenesta.

    Ramma for innkjøp av legemiddel, lager og kostnader knytt til arbeidet med beredskapslageret var på heile 1milliard kroner. Arbeidet med legemiddellageret blei leia av Sjukehusapoteka Vest og løysingane for beredskapslageret blei utarbeidd hausten 2020.

  24. 19. mai 2020

    I mars blei ei ny løysing for videokonsultasjon mellom behandlar og pasient klar til bruk. Nesten 10 000 konsultasjonar og sju veker seinare var tilbodet godt utprøvd av fleire behandlarar. Videokonsultasjon er krevjande for mange, både for behandlarar og pasientar, men sjukehusa meldte om stort sett gode erfaringar med konsultasjon over video.

    Lege ved Haraldsplass. Sit foran laptopen. Foto.
    Foto: Haraldsplass Diakonale Sykehus
    Gode erfaringar med konsultasjon over video
  25. 20. mai 2020

    Ein annleis vinter og vår. Koronapandemien forandra samfunnet, og det forandra kvardagen til helsepersonell, både i sjukehusa og i kommunane. Men det var også tida for å forsterke dei gode relasjonane som er mellom oss.

    Et stort og godt lag (sak frå Rogaland legeforening)
  26. 9. juni 2020

    Har du tiltru til at di får behandlinga du treng på sjukehusa – også under pandemien? spurde vi. Og befolkninga på Vestlandet sa at ja, det hadde dei og tiltrua innbyggjarane hadde til sjukehusa auka under pandemien.

    Foto: Katrine Sunde, Haukeland universitetssjukehus
    Auka tiltru til sjukehusa i koronakrisa
  27. 10. juni 2020

    Helse- og omsorgsdepartementet endra enkelte av måla og enkelte nye oppdrag kom til i justert oppdragsdokument frå juni. Blant nokre av oppgavene var oppdraget å utarbeide eit nasjonalt internopplæringsprogram for sjukepleie i intensivbehandling av covid-19-pasientar. Det kom òg økonomiske tiltak som følgje av pandemien, mellom anna med ein større auke i basisbevillinga til dei regionale helseføretaka.

  28. 6. august 2020

    Det var nok fleire som ikkje fekk den sommarferien vi i utgangspunktet kunne tenkt oss i 2020, anten fordi sjukehusa var i beredskap eller fordi vi ikkje kunne reise slik vi ville. Reiseråda og tilrådingane for helsepersonell endra seg med auken i smitte i samfunnet. I august, til dømes, var det obligatorisk testing om vi hadde vore i gule land, og krav om gå i karantene om vi hadde besøkt raude.

    Reiseråd og tilrådingar for medarbeidarar i Helse Vest som har vore i utlandet
  29. 20. august 2020

    Gjennom sommaren 2020 var fleire uroa for testkapasitet og at vi måtte vente for lenge på prøvesvar. Helse Vest forsikra om at ingen skulle trenge å uroe seg for kapasiteten på analyse av koronatestar på sjukehusa. Sjukehusa ga også prøvesvar så raskt som mogleg.

    Helsepersonell ser på skjerm. Foto.
    Foto: Katrine Sunde, Haukeland universitetssjukehus.
    Trygg på koronatesting
  30. August 2020

    Frå august blei det nødvendig å bremse opninga av samfunnet og utover hausten blei lokale tilpassingar tekne i bruk i endå større grad. Utfordringane knytte til handteringa av pandemien i sjukehusa varierte også med lokale smitteutbrot, både når det gjaldt innlagde pasientar, smitteverntiltak i sjukehusa, medarbeidarar i karantene og analyse av testar.

  31. 3. desember 2020

    Dei regionale helseføretaka har ivareteke sørgje-for-ansvaret sitt under pandemien: Fagdirektørane i dei regionale helseføretaka gjennomførte eit interregionalt samarbeidsprosjekt for å beskrive, analysere og vurdere endringar og ulikheit under covid-19-pandemien, samanlikna med periodane med ordinær drift.

    Rapporten sa at sjukehusa har klart å omstille tenesta og prioritere dei pasientane som treng det mest i ein svært krevjande situasjon, men vi må vere opne for at det kan ha vore alvorleg sjuke pasientar som det er mogleg kan ha lidd helsetap.

    Les fellessaka på nettstaden til Helse Midt-Norge
  32. 8. desember 2020

    Street art-kunstnaren Pøbel laga dette motivet til alle medarbeidarane i spesialisthelsetenesta på Vestlandet på oppdrag frå Helse Vest i desember 2020, som ei anerkjenning og ein takk for innsatsen så langt under pandemien.

    Kvinne holder opp julekort til de ansatte, laget av Pøbel. Foto.
  33. 10. desember 2020

    Nye nasjonale innstrammingar kom i tida før jul og igjen på nyåret.

  34. 29. desember 2020

    Dei første vaksinane kjem til Vestlandet. Sjukehusapoteka Vest har ansvaret for å lagre og distribuere vaksinane.

    Legepersonel med sprøyte i hånda. Foto.
    Foto: Katrine Sunde, Haukeland universitetssjukehus
  35. 2. januar 2021

    Folkehelseinstituttet sette av vaksinar mot covid-19 til 15 000 medarbeidarar i spesialisthelsetenesta. I veke 2 i 2021 starta vaksineringa. Det er seinare sett av fleire vaksinar og helsepersonell blir vaksinerte løpande. Målet med vaksineringa er i første omgang å sikre kapasiteten i spesialisthelsetenesta, slik at sjukehusa kan oppretthalde kritiske funksjonar.

  36. 14. januar 2021

    Helse Vest RHF får oppdraget for 2021 frå Helse- og omsorgsdepartementet. Oppdraget er prega av at vi framleis står i pandemien og at pandemisituasjonen framleis ikkje er føreseieleg ved inngangen av året.

  37. Februar-mars 2021

    Korleis har medarbeidarar i sjukehus og føretak i Helse Vest opplevd dette siste året?

    Skjermdump fra film som er laget til YouTube. Medarbeidarar fortel om kvardagen under pandemien. Kollasj.
    Gode medarbeidarar fortel på vår YouTube-kanal
Fann du det du leitte etter?