Fyrste fellesmøte mellom dei regionale samarbeidsorgana i Helse Vest

Det regionale samarbeidsorganet for utdanning og det regionale samarbeidsorganet for forsking og innovasjon hadde sitt fyrste fellesmøte 11. april 2018 på Flesland. Hovudsakene i møtet var korleis samarbeidsorgana saman kan arbeide for å styrkje koplinga mellom utdanning, innovasjon og forsking, samarbeid om næringsutvikling og studententreprenørskap. 

Samarbeid om næringsutvikling

Helsecampus Årstadvollen i Bergen, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Pumps & Pipes frå Stavanger var invitert til å halde innlegg om samarbeid om næringsutvikling. Jøril Hovland frå Kunnskapsparken snakka om etablering av ein innovasjonskultur, det å fange den gode ideen og kommersialiseringsprosessen. Thor Ole Gulsrud frå Pumps & Pipes viste gode eksempel på kva ein kan få til ved å ta i bruk teknologi og kunnskap frå olje- og gassnæringa for å finne nye og innovative løysingar til helsesektoren.

Eit konkret eksempel på dette er ei gruppe studentar som ved bruk av kunnskap og kompetanse innanfor teknologi for trykkluftautomatisering i olje- og gassnæringa, har utvikla eit medisinsk-teknisk produkt i form av ei vendemadrass til sjukehussenger. Den innovative madrassen gjer at pasientar unngår liggjesår og aukar mobiliteten, og pleie- og helsepersonalet unngår tunge løft. Dette bidreg til markant kostnadsreduksjon for helseføretaka.

Kunnskapsklynge

Per Bakke, dekan ved UiB,  som sit i samarbeidsorganet for forsking og innovasjon, er med i kunnskapsklynga Helsecampus Årstadvollen. Klynga består av utdanningsinstitusjonar og ulike samarbeidspartar innanfor helse- og omsorgssektoren, både frå primær- og spesialisthelsetenesta. Eit av føremåla med klynga er at ho skal bidra til å styrkje tverrfagleg samarbeid som kan bidra til nye løysingar for framtidas arbeidstakarar i helsesektoren.

Klynga fokuserer på å inkludere studentar i større grad i forsking, og hausten 2017 blei det arrangert ein studentkonferanse om helseklynga i Bergen. Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, som sit i samarbeidsorganet for forsking og innovasjon, sa at det var ein av dei viktigaste konferansane han hadde vore på i fjor.

Studententreprenørskap

Marthe Hammer frå Seksjon for innovasjon og forsking i Helse Bergen la fram sak om studententreprenørskap og korleis sjukehusa i samarbeid med utdanningsinstitusjonane kan bruke studentane som endringsagentar under praksisperioden. Det er eit stort innovasjons- og forbetringspotensiale i den store mengda med studentar som kvart år har praksis i helseføretaka, og helseføretaka kan ha stor gevinst av forslag om forbetring frå studentane, som opplever sjukehusa med «nye auge».

Vegen vidare

Det var stort engasjement blant deltakarane i møtet, og i diskusjonane i etterkant av sakene kom det fleire konkrete forslag til korleis samarbeidsorgana kan arbeide vidare med å styrkje koplinga mellom forsking, innovasjon og utdanning. For å styrkje næringsutvikling i regionen er det viktig å skape fleire arenaer og møteplassar for relevante fagmiljø og fagpersonar innanfor utdanning, forsking og innovasjon i vestlandsregionen. Dette kan samarbeidsorgana bidra til.

Regionen kan i større grad sjå på moglegheiter for å samarbeide om dei same problemstillingane, det er framleis tendensar til at ein sit i kvar sin by og jobbar med dei same utfordringane. Samarbeidsorgana ønskjer å sjå nærare på moglegheitene for å utvikle måtar å få samla inn idear og forslag til forbetring frå studentar i praksis ved sjukehusa i regionen.

Det kom også inn eit forslag om at samarbeidsorgana peiker ut tre sentrale saker som dei skal jobbe vidare med dei neste fem åra. Dette vil bli følgt opp til hausten.

Referat og presentasjonar frå møtet