No kan du søkje innovasjonsmidlar frå Helse Vest

No er den andre utlysinga av innovasjonsmidlar i 2021 klar, og denne gong lyser Helse Vest ut heile 16 millionar kroner. Fristen for å søke er måndag 25. oktober klokka 16.00.

​Du kan søkje innovasjonsmidlar i to prosjektkategoriar, «nye innovasjonsprosjekt» og «idéoverføring».

Å sikre at gode løysingar frå innovasjonsprosjekt blir utveksla og tatt i bruk mellom føretak og sjukehus er viktig for å vidareutvikle helsetenesta og sikre ei berekraftig helsetenesta i framtida. Det er her kategorien idéoverføring kjem inn i biletet. I denne kategorien kan du søkje om midlar til å innføre gode innovasjonsløysingar frå andre føretak.

– Innovasjonsaktiviteten er høg i helsetenesta i Noreg og vi må sørge for at god og viktig innovasjon blir delt mellom alle føretaka, at pasientar over heile landet skal få tilgang til dei same tilboda og tenestane, seier Lena Forgaard, innovasjonsansvarleg i Helse Vest.
Prioriterte område

Helse Vest sin strategi, Helse2035, og Nasjonal helse- og sjukehusplan 2020-2023 ligg til grunn for satsingsområda som er prioritert. Desse er identiske med utlysinga i vår.

Det er viktig å sikre strategisk og god leiarforankring i prosjektet, då dette aukar sannsynet for at vellukka innovasjonsprosjekt også blir teke i bruk i organisasjonen. I tillegg er det frå i haust eit krav om 20 prosent eigenandel i prosjektet. Vi oppmodar alle om å lese utlysinga og vurderingskriteria nøye.

– Framover må vi legge til rette for å møte pasientar utanfor sjukehuset, auka bruk av digitale hjelpemiddel og betre samarbeid med kommunar. Vi ønsker at innovasjonsprosjekta i føretaka skal bidra til betre tenester og meir effektive måtar å tenestene på, seier Forgaard. Dette er viktig for å legge til rette for ei berekraftig helseteneste i framtida.

Les meir om utlysingar og søk om innovasjonsmidlar