Andre regionale tiltak

For å nå målet om å etablere varige strukturar for pasienttryggleik, er det nødvendig med auka kjennskap til forbetringsteori og kompetanse i forbetringsmetodikk i sjukehusa.

Det er viktig at leiarar og medarbeidarar i sjukehusa har kunnskap om korleis dei kan påverke til endring, spreie og vedlikehalde endring for å oppnå kvalitetsforbetring.

Dei fleste av innsatsområda i program for pasienttryggleik er no implementerte i dei relevante einingane i sjukehusa. Det er likevel nødvendig med tett oppfølging av innsatsområda lokalt, både i form av implementeringsstøtte, rettleiing, og arbeid for å sikre at resultata vedvarar.

Det nasjonale pasientsikkerhetsprogrammet tilbyr årleg plassar til Nordisk forbedringsagentutdannelse, men dette tilbodet er ikkje omfattande nok til å dekkje behovet og etterspurnaden i Helse Vest.

Program for pasienttryggleik har derfor laga ein modell for kompetansebygging i regionen, som blant anna inkluderer etableringen av eit regionalt kunnskapsprogram i forbedringsmetodikk og eit årleg seminar i forbetringsmetodikk for mellomleiarar.

Regionalt kunnskapsprogram i forbedringsmetodikk

Det regionale kunnskapsprogrammet i forbedringsmetodikk er basert på Nordisk forbedringsagentutdannelse og the Improvement Advisor Professional Development program ”fra Institute for Healthcare Improvement (IHI) i USA.

Målgruppa for forbetringsutdanninga er helsepersonell som ønskjer å gjennomføre eit klinisk forbetringsprosjekt. Alle som får tildelt såkornmidlar i 2017 vil få tilbod om å delta. I tillegg vil det bli sendt ut invitasjon til å søke om plass. Til saman vil det bli stilt 20 plassar til disposisjon.

Det skal utarbeidast ei handbok for deltakarane, pensumliste og framdriftsplan for forbetringsprosjekta.

Seminar for mellomleiarar i forbetringsmetodikk

Banner_intranett_860x400_Pasienttryggleiksprogrammet.jpgProgram for pasienttryggleik i Helse Vest inviterer mellomleiarar (nivå 3 og 4, funksjonsleiar eller fagutviklingsjukepleiar) til seminar om pasienttryggleik og forbetringsmetodikk på Clarion Aiport Hotel Flesland den 8. juni.

Tema er forventingar til linjeleiing og implementering av pasienttryggleikstiltak.

Innleiarar er blant andre Nick Sevdalis frå King`s College i London, Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Stavanger, Clara Gjesdal viseadministrerande direktør i Helse Bergen, og Anne Mette Koch, forskar på pasienttryggleik.

Etter å ha delteke på seminaret er målet at deltakerane skal ha god forståing av ansvaret ein som leiar har for pasienttryggleik, grunnleggjande kunnskap om forbetringsmetodikk og implementering og kjennskap til arbeidet som blir gjort i Program for pasienttryggleik i Helse Vest.

Program

0900-0915: Velkommen

0915-0930: Forventingar til linjeleiinga, kva betyr det at ansvaret ligg i linja? v/ Pål Iden, assisterande fagdirektør i Helse Vest. 

0930-0950: Korleis løyser vi linjeansvaret i Helse Bergen? v/Clara Gjesdal, Viseadministrerande direktør i Helse Bergen. 

0950-1000: Beinstrekk 

1000-1200: Krasjkurs i forbedringsmetodikk 

1200-1245: Lunsj 

1245-1315: Korleis kan vi klare å implementere forbetringar? v/Anne Mette Koch, Førsteamanuensis, Institutt for sykepleiefag, UIB. 

1315-1345: Kva skal leiarar gjere  for å akselerere pasienttryggleiksarbeidet i helseføretaka? v/Inger Cathrine Bryne, Administrerande direktør i Helse Stavanger.

1345-1400: Beinstrekk

1400-1530: Implementing Patient Safety v/Nick Sevdalis, Professor of Implementation Science & Patient Safety, King’s College, London. 

(Mindre endringer i programmet kan forekomme.)

Implementering av kunnskapsbasert praksis

Det er utvikla standardiserte, kunnskapsbaserte retningslinjer innanfor sjukepleiarfaget som er tilgjengelege for bruk i alle sjukehusa. Retningslinjene har blitt publisert i Elektronisk kvalitetshandbok, og i Helsehåndboka i Helsebiblioteket.