Utlysing av stimuleringsmidlar i Helse Vest 2019

Det kan søkjast om midlar til bruk av data frå medisinske kvalitetsregister i forbetringsarbeid og til etablering av lokale og regionale kvalitetsregister.

​Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest lyser med dette ut stimuleringsmidlar på vegner av Helse Vest. Formålet er todelt og midlane skal:

  1. bidra til at dei kliniske fagmiljøa nyttar data frå lokale, regionale og nasjonale kvalitetsregister i forbetring av helsetenesten, og
  2. bidra til at lokale og regionale medisinske kvalitetsregister vert etablert, særskilt innan fagområder kor det ikkje eksisterer medisinske kvalitetsregister.

Det er eit mål å stimulere dei kliniske fag- og registermiljøa i alle helseføretaka i regionen til å etablere kvalitetsregister og nytta data frå desse i kvalitetsforbetring.

Kliniske fagmiljø/avdelingar og lokale/regjonale kvalitetsregister forankra i Helse Vest kan søkje. Tildelingssum er avgrensa oppad til 150 000 NOK. Midlane vil bli tildelt som ein eingongssum. Prosjektperioden er inntil 1 ½ år, dvs. utløpet av 2020.

Kriterium for tildeling

Kriterium som gjeld begge søknadar:

Det må i søknaden gjerast synleg kva stimuleringsmidlane heilt konkret vil bli brukt til. Dette kan til dømes vere frikjøp av personell for å drive arbeidet framover, utvikling av kodebok/variablar, samle fagmiljø, m.v.

Prosjekta skal vere moglege å realisere innanfor prosjektperioden og den økonomiske ramma det blir søkt om. 

Prosjekta må ha leiarforankring – det er viktig at det blir sett av tid og ressursar til gjennomføring av prosjektet. Nærmaste leiar må følje opp prosjektet undervegs.

Det skal rapporterast på bruk av midlar.

Erfaringar frå prosjekta skal gjerast tilgjengelege for andre fagmiljø/register i regionen.

For søkjarar som skal bruke data frå lokale, regionale eller nasjonale kvalitetsregister i eit kvalitetsforbetringsarbeid:

  • Søkjaren må i søknaden gjere synleg behovet for eit kvalitetsforbetringsarbeid, oppgi kva mål ein har for arbeidet (korleis skal ein måle effekten av tiltaka?) og beskrive korleis ein har tenkt å anvende forbetringsmetodikk.

  • Fagmiljø som sjølv ikkje driftar eit medisinsk kvalitetsregister må leggje ved ei bekrefting på tilgang til data frå leiaren av registeret i det aktuelle kvalitetsregisteret.

Det er ein fordel om brukarrepresentant er inkludert i planlegging og gjennomføring av forbetringsarbeidet.

Eller

For søkjarar som ønskjer å etablere eit lokalt eller regionalt medisinsk kvalitetsregister:

  • Stimuleringsmidlar kan tildelast kliniske fagmiljø forankra i Helse Vest som ønskjer å etablere eit lokalt eller regionalt medisinsk kvalitetsregister.

  • Søkjaren må i søknaden gjere det synleg kvifor ein treng eit medisinsk kvalitetsregister på fagområdet, kva formål registeret skal ha, beskrive kva pasientar/prosedyrar som blir inkluderte, kva variablar ein ser for seg at ein treng, kvar data skal registrerast og lagrast.  

Det blir ikkje tildelt midlar til ordinær registerdrift, gjennomføring av forskingsprosjekt eller investeringar – til dømes kjøp, utvikling og/eller drift av elektronisk innrapporterings- og/eller resultatløysing.

Fagsenter for medisinske kvalitetsregister vil tilby dei som får tildelt midlar eit møte om forventningar og krav til etablering av kvalitetsregister eller om forbedringsmetodikk.

Søknadsskjema

Søknadsfrist er mandag 1. april 2019


Eventuelle spørsmål kan sendast til: kvalitetsregistre@helse-vest.no.

Rapportering

Ein fagleg sluttrapport over bruken av midlar og ein posterpresentasjon skal sendast Fagsenter for medisinske kvalitetsregister innan 20.01.2021.

Det skal gjerast greie for resultat av tiltaket, særleg erfaringar som kan vere nyttige for andre fagmiljø i og utanfor Helse Vest. Særskilt rapporteringsskjema skal nyttast. Det er eit mål å formidla resultat frå kvalitetsregistra og derfor vil dei ulike posterpresentasjonane om kva som er oppnådd med stimuleringsmidlane bli publisert på Fagsenteret si heimeside.

Ubrukte midlar kan berre unnataksvist overførast til neste år etter særskilt grunngiven søknad til fagdirektørmøtet i Helse Vest. Søknad om overføring av midlar må sendast til Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest seinast november året etter tildeling. Ubrukte midlar kan kun overførast éin gong. 


Fagsenter for medisinske registre i Helse Vest
(Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregistre, Region Vest)