Utlysing av stimuleringsmidlar i Helse Vest 2020-Ny frist!

Til bruk av data frå medisinske kvalitetsregister i forbetringsarbeid og til etablering av lokale og regionale kvalitesregister med frist 15.9.2020.

Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest lyser med dette ut stimuleringsmidlar på vegne av Helse Vest. Formålet er todelt, midlane skal:
 
1. bidra til at dei kliniske fagmiljøa nyttar data frå lokale, regionale og nasjonale kvalitetsregister i forbetring av helsetenesta, og 

2. bidra til at lokale og regionale medisinske kvalitetsregister vert etablert, særskilt innan fagområder kor det ikkje eksisterer medisinske kvalitetsregister. 

Det er eit mål å stimulere dei kliniske fag- og registermiljøa i alle helseføretaka i regionen til å etablere kvalitetsregister og nytta data frå register i kvalitetsforbetring. I denne utlysinga vil vi spesielt oppfordre til å søkje om å nytte data i forbetringsarbeid (føremål 1), då vi mottok få søknader for dette i førre søknadsrunde.

Kliniske fagmiljø/avdelingar og lokale/regionale kvalitetsregister forankra i Helse Vest kan søkje. Tildelingssum er avgrensa oppad til 150 000 NOK. Midlane vil bli tildelt som ein eingongssum. Prosjektperioden er inntil 1 ½ år, det vil si innan utløpet av 2021.

Kriteriar for tildeling

  • For søkarar som skal bruke data frå lokale, regionale eller nasjonale kvalitetsregistre i eit kvalitetsforbetringsarbeid:
    • Søkar må i søknaden synleggjere behovet for eit kvalitetsforbetringsarbeid, oppgje kva målsetting ein har for arbeidet (korleis skal ein måle effekten av tiltaka) og beskrive korleis ein har tenkt å anvende forbedringsmetodikk.
    • Fagmiljø som sjølv ikkje driftar eit medisinsk kvalitetsregister må leggje ved ei stadfesting på tilgang til data frå registerleiar i aktuelt kvalitetsregister.
    • Det er ein fordel om brukarrepresentant er inkludert i planlegging og gjennomføring av forbetringsarbeidet.
ELLER
  • For søkarar som ynskjer å etablere eit lokalt eller regionalt medisinsk kvalitetsregister: 
    • Stimuleringsmidlar kan tildelast kliniske fagmiljø forankra i Helse Vest som ynskjer å etablera eit lokalt eller regionalt medisinsk kvalitetsregister.
    • Søkar må i søknaden synleggjere kvifor ein treng eit medisinsk kvalitetsregister på fagområdet, kva formål registeret skal ha, beskrive kva pasientar/prosedyrer som vert inkludert, kva variablar ein ser for seg at ein treng, kor data skal registrerast og lagrast.
  

Kriteriar som gjeld begge søknader:

  • Det må i søknaden synleggjerast kva stimuleringsmidlane heilt konkret vil bli brukt til. Til dømes frikjøp av personell for å drive arbeidet framover, utvikling av kodebok/variablar, samle fagmiljø, m.v. 
  • Prosjekta skal vere mogleg å realisere innanfor prosjektperioden og den økonomiske ramma ein søker om. 
  • Prosjekta må ha leiarforankring - det er viktig at det blir avsett tid og ressursar til gjennomføring av prosjektet. Nærmaste leiar må følgje opp prosjektet undervegs.
  • Det skal rapporterast på bruk av midlar.
  • Erfaringar frå prosjekta skal gjerast tilgjengeleg for andre fagmiljø/register i regionen.

Det blir ikkje tildelt midlar til ordinær registerdrift, gjennomføring av forskingsprosjekt eller investeringar – til dømes kjøp, utvikling og/eller drift av elektronisk innrapporterings- og/eller resultatløysing. 

Fagsenter for medisinske kvalitetsregister vil tilby dei som får tildelt midlar eit møte om forventningar og krav til etablering av kvalitetsregister eller om forbetringsmetodikk. 

Søknadsskjema

Søk om stimuleringsmidlar 2020

Ny søknadsfrist er tysdag 15. september 2020.

Eventuelle spørsmål kan sendast til kvalitetsregistre@helse-vest.no

Rapportering

Ein fagleg sluttrapport over bruken av midlar og ein posterpresentasjon skal sendast til Fagsenter for medisinske kvalitetsregister innan 20.01.2022. Det skal gjerast greie for resultat av tiltaket, særleg erfaringar som kan vere nyttige for andre fagmiljø i og utanfor Helse Vest. Særskilt rapporteringsskjema skal nyttast. Det er eit mål å formidla resultat frå kvalitetsregistra og difor vil dei ulike posterpresentasjonane om kva som er oppnådd med stimuleringsmidlane bli publisert på Fagsenteret si heimeside.

Ubrukte midlar kan berre untaksvist overførast til neste år etter særskilt grunngjeven søknad til fagdirektørmøtet i Helse Vest. Søknad om overføring av midlar må sendast til Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest seinast november året etter tildeling. Ubrukte midler kan kun overførast ein gong. 

Fagsenter for medisinske registre i Helse Vest
(Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregistre, Region Vest)