Forskingsmidlar pasienttryggleik

Program for pasienttryggleik i Helse Vest har løyvd 3,5 millionar kroner årleg til forsking på pasienttryggleik i perioden 2015 -2018.

 

​​Ønskjer du å forske på pasienttryggleik?

​Les meir og sjå kven som fikk tildeling i 2016

Program for pasienttryggleik har sidan 2013 sett av om lag 1 millionar kroner årleg til satsing på forsking innanfor pasienttryggleik. Forskingsramma er no betydeleg utvida og understreker at satsinga på forsking innanfor pasienttryggleik er svært viktig.

Forsking innanfor pasienttryggleik er eit relativt ungt forskingsområde. Vi treng sikker kunnskap om effekten av tiltaka som blir sette inn. Forsking med vitskapleg metode er med på å byggje kunnskapsgrunnlaget for val av nye tiltak. Hovudmålet er å fremje forsking innanfor pasienttryggleik av høg nasjonal og internasjonal kvalitet.