Tildeling av forskingsmidlar 2016 – strategisk satsing innanfor pasienttryggleik

Fem forskingsprosjekt er tildelt stipendmidlar i årets søknadsrunde i samband med Helse Vest si strategiske satsing på pasientryggleik. Til saman blei 830 000 kroner delt ut i denne runden.

Tildeling av Helse Vests forskingsmidlar 2016 – strategisk satsing innanfor pasienttryggleik.

I alt blei 11 søknadar vurderte. Den eksterne faglege vurderinga av søknadane er føretatt av professor Dag Hofoss, Universitetet i Oslo. Han har lang erfaring med søknadsvurderingar i Helse Vest.

– «Det var mange gode og støtteverdige søknadar i år. Tematikken var spreidd, og søknadane hadde interessante problemstillingar», uttalar Hofoss.

Eit av dei fem forskingsprosjekta som vann fram i tildelinga, blei gitt midlar til utanlandsopphald. Dei resterande fire prosjekta fekk stipendmidlar i inntil tre månadar. To søknadar står på venteliste.

Tildeling i 2016

Vedtak om tildeling er fatta av fagdirektøren i Helse Vest RHF.

Spørsmål om årets tildeling kan rettast til forskningsmidler@helse-vest.no.​